TO ULYKKER PÅ KORT TID: I løpet av berre nokre timar skjedde det to trafikkulykker i Lærdal søndag ettermiddag. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, fortel at i begge hendingane kom ein bil over i motsett køyrefelt.
TO ULYKKER PÅ KORT TID: I løpet av berre nokre timar skjedde det to trafikkulykker i Lærdal søndag ettermiddag. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, fortel at i begge hendingane kom ein bil over i motsett køyrefelt. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes/Porten.no-tipsar.)

I begge ulykkene kom den eine bilen over i motsett køyrefelt

Med berre nokre timar mellomrom skjedde det to trafikkulykker i Lærdal søndag. I begge hendingane kom ein bil over i motsett køyrefelt.

Lærdal: Det fortel lensmann i Årdal, Magne Knudsen, til Porten.no. Måndag har politiet hatt ein gjennomgang dei to hendingane saman med innsatspersonellet som deltok.

Sidan ulykke skjedde med berre få timar mellomrom, var det dei same personane som bidrog både på Ljøsne og i Lærdalstunnelen.

– Det er ikkje så ofte ulykker kjem så tett på, men det kan skje. Det fekk me oppleve i Aurland for kort tid sidan. Det er klart at med den bemanninga me har blir belastninga stor for dei som er i innsats, seier Knudsen.

Magne Knudsen, lensmann Årdal kopi
Magne Knudsen, lensmann Årdal kopi Bilde: Truls Grane Sylvarnes

Kom over i motsett køyrebane

I begge hendingane kom den eine bilen over i motsett køyrefelt. På Ljøsne resulterte det i at føraren mista førarkortet. Ulykka i Lærdalstunnelen fekk eit langt meir tragisk utfall då sjåføren av bilen omkom. 

– Me veit ikkje kva som skjedde i Lærdalstunnelen. Det blir ein del av etterforskinga, seier Knudsen vidare.

Fanga ulykka på kamera

Til Bergens Tidende seier administrerande direktør i det svenske bussfirmaet Axelssons Turisttrafik, som var involvert i ulykka, at det heile vart fanga på eit dashbordkamera.

– Sjåføren vår hadde med seg i gruppe turistar som skulle delta på ein sightseeing med eit anna turistselskap. Då dei var inne i Lærdalstunnelen, kom plutseleg ein personbil over i motsett køyrefelt og kolliderte i bussen, seier Fabian von Essen til BT.

Knudsen seier til Porten.no at dei har kontroll på videoen, og at dei kjem til å undersøka den nærare for å finna svar.

I dialog med pårørande

Lensmannen vil førebels ikkje seie noko om den omkomne anna enn at dei er i dialog med familie og pårørande. 

– No prøver me å samla det me har og har moglegheit til å samla for å gi alle involverte partar eit best mogleg svar på kva som har skjedd.

Totalt tre bilar og ein buss var involvert i ulykka i Lærdalstunnelen. På Ljøsne var i alt ti personar involvert. Knudsen har ei oppmoding å kome med til dei som no ferdast på vegane.

– Ta det med ro og vis omsyn for kvarandre. Det er min generelle bodskap.

Til toppen