Gulen: Fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane, som i dag var samla i Gulen, kom kvar for seg til same vedtak om det nye fylket.
Vestlandet fylkeskommune skal ha ha eit fylkesting med 65 medlemmar og det er sett ned ei fellesnemnd som skal leia prosessen vidare.
– Dette er ein historisk og ein gledeleg dag. Etter ein lang prosess er me endeleg i mål, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i Hordaland i ei pressemelding.
Overvekt frå Hordaland
Ho får støtte frå kollega Jenny Følling i Sogn og Fjordane.
– Dagen i dag handlar om framtida, om å sjå framover. Stortinget har bestemt at Sogn og Fjordane og Hordaland skal slåast saman. No skal me byggje eit Vestland som skal bli godt for framtida, seier Følling i pressemeldinga.
Fylkestinga vedtok i møtet både samansetjinga til fellesnemnda og reglementet ho skal arbeida etter. Nemnda er sett saman av fylkesutvala i dei to fylka, med til saman 24 medlemmar, femten frå Hordaland og ni frå Sogn og Fjordane. Fylkestinga har bestemt leiaren skal vera frå Hordaland og nestleiar frå Sogn og Fjordane.
– Det blir mykje arbeid
Ei av dei viktigaste oppgåvene vert å førebu arbeidet med budsjettet for 2020 og økonomiplanen for 2020–2023.
– No startar arbeidet med å setja i verk det vidare arbeidet. Det blir mykje arbeid, som krev godt samarbeid, respekt og tillit mellom både politikarar og administrasjon, seier Anne Gine Hestetun.
Fellesnemnda fungerer fram til det første fylkestinget for den nye fylkeskommunen vert konstituert, innan utgangen av oktober 2019.