UTVIDA STENGING: Dei som skal på reis mellom Årdal og Fodnes må rekna med ekstra ventetider i dag.
UTVIDA STENGING: Dei som skal på reis mellom Årdal og Fodnes må rekna med ekstra ventetider i dag. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

I dag blir det ekstra stengingar når helikopteret skal hjelpa til å sikra fjellsida

Usikkert om dei blir ferdige med jobben i dag.

Årdal: I dag kan det bli ekstra lange stengingar på fylkesvegen mellom Fodnes og Årdal. Eit helikopter skal nemleg vera med i sikringsarbeidet i fjellsidene over Finnsås- og Kolnostunnelane.

– Dei skal setta opp stolpane for sikringsgjerdet, og skal flyga i heile dag. Du kan ikkje ha bilar gåande på vegen då, seier Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

Frå klokka 07.00 til 12.00 kan det difor bli stengt i opptil ein halvtime, frå 12.00 til 18.30 i opptil ein time. Rutebussar og naudetatar får passera.

– Om dei blir ferdige i dag, det vågar eg ikkje å seia heilt sikkert, seier Dvergsdal.

Når stolpane er monterte, er det nettet som skal på plass. Dvergsdal seier det truleg blir noko helikoptertransport då òg, men er usikker på når den jobben startar.

 
Til toppen