SJEKK: Alle nordmenn blir oppfordra til å byte batteri i røykvarslaren 1. desember. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SJEKK: Alle nordmenn blir oppfordra til å byte batteri i røykvarslaren 1. desember. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

I dag bør du sjekke røykvarslaren

1. desember er Røykvarslarens dag. Då er tida inne for å teste varslarane, og byte batteria før den mest brannfarlege månaden i året.

Årdal/Lærdal: I jule- og nyttårshelga er det over dobbelt så mange bustadbrannar i Noreg som elles i året, opplyserDirektoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Deira brennheite tips er å byte batteri i røykvarslaren 1. desember.

Røykvarslarens dag markerer også starten på kampanjen Aksjon bustadbrann. I perioden 1.– 3. desember får cirka 40.000 husstandar over heile landet besøk av brann- og feiarvesen og det lokale elektrisitetstilsynet med tilbod om ein enkel kontroll av branntryggleiken i bustaden.

– Plasser røykvarslarar slik at du høyrer dei med ein gong dei begynner å pipe. I bustadar med fleire etasjar må du ha røykvarslarar i alle etasjane. Det kan vere med på å redde livet ditt og din familie, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB, som saman med Norsk brannvernforening og Gjensidige står bak kampanjen.

– Røykvarslarar bør testast ein gong per månad og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. I tillegg til å teste røykvarslaren med testknappen, bør du med jamne mellomrom teste med røyk, seier informasjonssjef Bjarne Rysstad i Gjensidige.

25 prosent av dei omkomne i bustadbrannar dei seinare åra hadde ikkje ein fungerande røykvarslar, ifølgje DSB. (©NPK)

Til toppen