STILLE FØR STORMEN: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet i morgontimane. Utover ettermiddagen er det venta sterk vind og snø, noko som fort kan føra til stengingar.
STILLE FØR STORMEN: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet i morgontimane. Utover ettermiddagen er det venta sterk vind og snø, noko som fort kan føra til stengingar. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

I dag er det venta røft vintervêr i fjellet

Frå og med i ettermiddag kan det fort bli stengte fjellovergangar på grunn av snø og sterk vind.

Indre Sogn: Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel der dei åtvarar mot kraftig vind og vanskelege køyretilhøve på Vestlandet det komande døgnet.

Frå i ettermiddag og til torsdag ettermiddag er det venta liten til full storm på kysten og i fjellet. I utsette fjordar og dalar kan det koma sterke lokale vindkast på opp mot 25 til 35 meter i sekundet.

Meteorologane åtvarar at det kan vera farleg å ferdast i fjellet. Sterke vindkast kan føra til lokale straumbrot, og tre kan blåsa over ende og bli liggande i vegbana. Folk blir oppmoda om å sikra lause gjenstander.

Sterk vind, snø og snøfokk gjer òg at det er venta lokalt vanskelege køyretilhøve frå seint onsdag ettermiddag.

Førebels er berre Vikafjellet stengt i Indre Sogn, men det kan endra seg fort utover ettermiddagen. Følg med på våre nettsider, eller på Vegvesen.no for oppdatert informasjon om korleis det står til på vegane.

Til toppen