1-0: Her er høgdepunkta frå Sogndal - Aalesund
1-0: Her er høgdepunkta frå Sogndal - Aalesund (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– I dag har me fantastisk innsats

Det blei høgdramatisk og ulideleg spennande i siste kamp før sommarferien for Sogndal. Sjå høgdepunkta i sigeren over Aalesund her!

Sogndal - Aalesund: 1-0 

– Det vart nesten for spennande. Men me har fantastisk innsats i dag. Blir litt djupe etter kvart, men sjølv om me får ein del mot oss ryddar dei godt ut baki der, seier sportsleg laiar i Sogndal fotball, Håvard Flo, etter 1-0-sigeren heime på Fosshaugane.

Den store snakkisen etter kampen var nigerianaren Chidiebere Nwakali som både stod for kampens einaste mål, nok var kampens beste vil dei fleste seia – og han vart til slutt utvist etter ei vel tøff takling.

Slik var kampen

– Det er surt for han og det er surt for oss når han spelar ein så god kamp. Me får sjå litt på video og vurdera kor vidt utvisinga var korrekt, seier Håvard Flo.

Målet var det første som skjedde i kampen; Martin Ramsland fekk frispark alt etter knappe halvminuttet for å ha vorte halden av Aalesund-midtstoppar Kaj Ramsteijn på borti 25 meter. Frykteleg klart var ikkje frisparket, men Nwakali stilte seg i alle fall opp, bøygde kula over muren til venstre for aalesundkeeper Andreas Lie - og han slo den opp i undersida av stolpen og i mål.

Sjølv om frisparket var i keeperhøgd og ikkje noko kanon, men absolutt med bra kraft, tykkjer ikkje sogndalkeeper Mathias Dyngeland det var noko keepertabbe av kollegaen.

- Eg veit korleis det der er med frispark frå rundt tjue meter midt på og du ikkje ser noko.

– Fått ei veldig god defensiv ramme

Samstundes var det ein dag der det meste fungerte i alle ledd for Sogndal. Dei køyrde kampen, kom til ei rekkje feite sjansar, forsvaret gjorde ein formidabel ryddejobb og Dyngeland viste kva som bur i han med to feberredningar i 1. omgang.

– Eg skal ta begge dei der, sjølv om det er gode avslutningar. Me har fått ei veldig god defensiv ramme no etter å ha sleppt inn for mykje første del av sesongen. Dei framfor meg er trygg på meg, og eg på dei, seier Dyngeland.

Både Ulrik Fredriksen, Kjetil Wæhler og Per-Magnus Steiring hadde ein god dag på jobb – særskild Steiring eigde luftrommet.

– Han er heilt ekstrem, kommenterer Dyngeland.

Teniste ut med skade: Status uviss

Taijo Teniste måtte ut med skade tidleg i 2. omgang. Når Porten.no snakkar med Håvard Flo har han ikkje snakka med det medisinske personellet, men seier følgjande om status for estlendaren:

– Eg trur det var ein følelse på noko i hamstringen. Men om han gjekk ut for å vera føre-var eller om det var meir kan eg ikkje seia sikkert no.

Kampen mot Aalesund markerer halvvegs i sesongen og Sogndal står med 19 poeng. Søndag om ei veke ventar tabelljumbo Viking borte før «vårsesongen» blir avslutta mot Rosenborg heime laurdag 15. juli.

Til toppen