ATOMBRYLLAUP: 15. juni er det 75 år sidan Arne og Ester Eldegard frå Øvre Årdal gav sitt ja til kvarandre. I handa held Arne eit fotografi som vart teke på bryllaupsdagen framme i Vetti. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ATOMBRYLLAUP: 15. juni er det 75 år sidan Arne og Ester Eldegard frå Øvre Årdal gav sitt ja til kvarandre. I handa held Arne eit fotografi som vart teke på bryllaupsdagen framme i Vetti. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I dag kan Arne og Ester feire at dei har vore gift i 75 år

Den 15. juni 1942 gav dei kvarandre sitt ja. I dag, 75 år seinare, held dei framleis koken.

Øvre Årdal: Ein kan ikkje kalle det for noko anna enn imponerande. I 75 år har dei to frå Øvre Årdal halde saman.

– Det var ein måndag. Det var mykje folk, det ser ein på biletet, og endå var ikkje alle med her, seier Arne Eldegard og peikar.

I fanget har han eit fotografi frå dagen han gifta seg med kona Ester. Dei to sit i stova heime hjå seg sjølve. Det er dagen før den store dagen. Dei har ingen planar om voldsom markering, sjølv om dei no har nådd ein milepåle dei færraste klarar – atombryllaup.

– Me kjem ikkje til markere det særleg. Dei som kjem, kjem. Me er for gamle til å markere slikt. Det blir for tungvint, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

GODT HUGSE: Arne fyller kanskje 100 år i november, men han hugsar godt. Her forklarar han kven som er på biletet.
GODT HUGSE: Arne fyller kanskje 100 år i november, men han hugsar godt. Her forklarar han kven som er på biletet.

Var dreng på garden til kona

For godt over 75 år sidan, i 1936 kom Arne i snakk med far til Ester og vart dreng på garden i Vetti. 

– Det var åtte jenter, så det var eit godt utval, ler han.

– Kvifor landa du på Ester?

– Ho var mest beskjeden, tenkjer eg. 

I løpet av åra som dreng fann dei to etter kvart tonen. I 1942 gav dei kvarandre sitt ja. Bryllaupet fann stad i Vetti, der Ester kom frå. Begge hugsar godt den dagen, sjølv om det er ein heil mannsalder sidan.

Artikkelen held fram under biletet.

KJERNEFAMILIEN: Med hjelp frå dottera Marit syner Ester fram det som var kjernefamilien på eit anna fotografi som heng på veggen i stova deira. 
KJERNEFAMILIEN: Med hjelp frå dottera Marit syner Ester fram det som var kjernefamilien på eit anna fotografi som heng på veggen i stova deira. 

– Det var triveleg. Eg trur me var det siste ekteparet som hadde lysesveinar. Det var han Karl Vetti og Arnfinn Hjelle. Dei gjekk rundt og bad folk. Eg trur me var nærare 200 menneske. Folk låg både her og der, og det var berre me som hadde eige rom, mimrar dei.

Bryllaupsreise i Jotunheimen

Med klokkeklart minne ramsar han opp namn, peikar og fortel historier.

– Presten var frå Vik, og han gjekk rundt i knebukse på tunet der. Det var ein som lurte på kven dette var. «Dette er drengen hans Arnfinn», sa han Per i Avdalen, fortel Arne og ler.

14 dagar etter bryllaupet bar det i veg på bryllaupsreise. Reisa var ein åtte dagar lang tur i Jotunheimen. Frå Vetti, til Skogadalsbøen, til Krossbu og Gjendesheim. Paret var ein tur på Beseggen før det bar ned att til Gjendebu via Austerbø.

– På kvelden kom vertinna ut og klappa i hendene og sa ho hadde høyrt det var eit brudepar på besøk. Då fekk me spekeflesk og flatbrød, og Oslo-gutane jubla for maten dei fekk. Den gongen var det byrja å bli lite med mat.

Med unntak av ved Beseggen var det ikkje ein tyskar i nærleiken. Det var eit poeng i seg sjølv med å ta bryllaupsreisa i fjellet. Faktisk var det ikkje ein tyskar i sikte frå Øvre Årdal og framover Utladalen. Difor vart bryllaupet i seg sjølv feira slik det skulle feirast. 

– Det var eit triveleg bryllaup, iallfall for oss, seier han.

Aktivt liv – takkar kona

Arne blir 100 år i november i år. På veggane rundt han heng det diplom og bevis på alt arbeidet han har lagt ned opp gjennom åra. Mellom anna har han fått Kongens fortenestemedalje i gull. For to år sidan vart han heidra med ein minnemedalje for innsatsen under krigen. 

Artikkelen held fram under biletet.

STOR FEIRING: På Vetti gard, langt frå næraste tyskar, vart bryllaupet feira. – Det var ein måndag. Det var mykje folk, som låg både her og der, fortel Arne.
STOR FEIRING: På Vetti gard, langt frå næraste tyskar, vart bryllaupet feira. – Det var ein måndag. Det var mykje folk, som låg både her og der, fortel Arne.

Men bak desse medaljane står ei flink kvinne, meiner han. 

– Den gongen var det slik at ein måtte halde saman. Eg var mykje på rek, så det har kosta henne mykje å venta på meg. Eg var mykje på tur og aktiv i lag og organisasjonar. Ho har vore kjempeflink saman med ungane. 

– Er du stolt over at de har halde saman så lenge?

– Ja, det vil eg seie at eg tykkjer det er bra at me har greidd. Ho har vore kjempeflink, som har vore kona i huset. Det kan ungane bevitna for dei har stelt seg godt alle tre.

Arne kjem til slutt med eit råd til dei som vil gjere eit forsøk på å kopiere bragden.

– Ein må prøve å samarbeide og hjelpe kvarandre. Det er det viktigaste. I tillegg har me samarbeidd godt i familiane med hennar foreldre og mine foreldre. Framleis held me saman enno ein del av oss med søsken og ungane. 

Til toppen