FAMILIEKONTORET: Familiekontoret ligg i Sogndalsfjøra.
FAMILIEKONTORET: Familiekontoret ligg i Sogndalsfjøra. (Foto: Hanne Veum/Arkiv)

I dag opnar Familiekontoret dørene att

Det kjem fram i ei pressemelding frå BUFETAT.

Sogndal: Frå og med i dag er det mogleg å få møta og snakka med terapeut på nærmaste familievernkontor. 

Møtet må avtalast på telefon på forhånd. 

– Det er bra og viktig at familiar i vårt område som slit og har behov for hjelp kan få personleg hjelp og rettleiing hjå oss. For nokre er den personlege kontakten svært viktig, seier Stig Arne Thune og Hanne S. Veum.

Thune er avdelingsdirektør i Bufetat region vest, medan Veum er lokal leiar for familievernet i Sogn og Sunnfjord.

– Me vil ikkje ha full kapasitet til samtalar på kontoret vårt den fyrste tida, men me trur me skal kunna ta i mot dei som treng det mest, seier Veum. 

Telefontilbodet for alle held fram 

Det vil framleis vera restriksjonar. For å koma på familievernkontoret må du vera symptomfri, og samtale må avtalast på forhånd via telefon eller e-post. 

Tilbodet som blei innført for to veker sidan om samtalar på telefon vil halda fram inntil vidare. 

– Folk som har eit stort behov for å få hjelp skal få det gjennom telefonsamtale med oss, sa Veum til Porten.no om tilbodet.

Tilbodet er eit «her og no» tilbod om du opplever at koronasituasjonen skapar utfordringar for deg og din familie.

– Me veit at mange seier koronasituasjonen aukar presset og stresset i familien. Då kan det vera godt å få råd, støtte og hjelp.

Av hensyn til både dei som kjem for å få hjelp, og dei tilsette vil Familievernkontoret overholde alle smitteverntiltak slik dei er fastsatt av Folkehelseinstituttet, og av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. 

Til toppen