Aurland: Den 22. august 1966 køyrde første bilen over Aurlandsfjellet. Inntil denne dagen hadde tog og båt vore transportmiddel når bygdefolk skulle ut av kommunen.
Opningsfesten vart ikkje arrangert før 1. juli året etter, i 1967. Det er femti år sidan, og difor blir det torsdag 1. juni 2017 ei markering av 50-årsjubileumet når Aurlandsfjellet opnar for sesongen.
Markeringa skal gå føre seg ved at ein buss med inviterte gjester køyrer over fjellet midt på dagen torsdag. Så blir det eit arrangement på Aurlandsvangen frå klokka 16.
Les også: 50 år sidan aurlendingane kunne køyre bil ut av kommunen
Les også: Ønskjer materiell til jubileumsmarkering