Kristin Fredheim, Julian Nikolai Husum og Alexander Slinde frå Leikanger ungdomsskule er å sjå i klassequiz-finalen i ettermiddag.
Kristin Fredheim, Julian Nikolai Husum og Alexander Slinde frå Leikanger ungdomsskule er å sjå i klassequiz-finalen i ettermiddag. (Foto: NRK)

I dag skal desse tre i elden i klassequizen

Klassequiz-finalen i Sogn og Fjordane er i ettermiddag. NRK sender direkte på nett og radio frå Førde.

Førde: I år har 42 skular kjempa om ein plass i finalen i Sogn og Fjordane. Dei innleiande rundane starta på radio i byrjinga av januar. No står det att fire finalistar som skal kjempa om plass i den nasjonale finalen.

– Med deltakarrekord på 42 skular har det vore eit temmeleg trongt nålauge, seier Ola Weel Skram i ei pressemelding. 

Han har besøkt alle skulane og som skal leie finalen onsdag. 

Dei fire laga som kjempar om to plassar i den TV-sende landsfinalen er:

  • Vågsøy ungdomsskule
  • Leikanger ungdomsskule
  • Naustdal skule
  • Halbrend skule

Dagens finale i Sogn og Fjordane kan du sjå her på NRK.no frå klokka 15.30.

Den nasjonale finalen i Oslo 2020 blir sendt over fem program på NRK1. Første sending er 17. april. Sjølve finalen er 16. mai.

Til toppen