TAP: Det gjekk ikkje vegen, då Sogndal møtte Brann laurdag. Foto: Arkiv
TAP: Det gjekk ikkje vegen, då Sogndal møtte Brann laurdag. Foto: Arkiv

– I dag var det to dårlege lag som spelte

Laurdag møtte Sogndal laget Brann på bortebane. Sogndal måtte reise heim utan poeng. Brann vann 2-0, til tross for at Sogndal hadde ballen mest i første omgang. 

Brann – Sogndal 2-0

Sogndal: Brann ligg på fjerde plass i Eliteserien, medan Sogndal ligg på 10ende plass. Etter sju poeng på dei første fire kampane, står Sogndal no med tre strake tap. 

Første omgang av kampen var ganske jamn, der Sogndal hadde mest tak på ballen. Brann gjekk likevel til pause med 1-0 etter at Bismar Acosta sikra bergensarane leiing til pause, med ein heading. 

Etter pause varsla Sogndal trenar Eirik Bakke at dei skulle angripe Brann hardare. Sogndal starta godt i andre omgang og var det førande laget. Då Brann fekk inn 2-0 på ein kontring, gjekk piffen litt ut av sogndølene. Det var Fredrik Haugen som sette inn Brann sitt andre mål. 

Skuffa

– Det er vanskeleg å seie kva som gjekk gale denne gongen, men eg synes me manglar litt av trykket me hadde mot dei i fjor. Brann er bedre organisert enn før, men eg synes me er eit bedre lag enn dei. Det er veldig skuffande, seier Kristian Fardal Opseth til TV 2 etter kampen. 

Brann-trenar Lars Arne Nilsen seier til TV 2 at det var ein drittkamp, men at det var deilig å vinne. Han fortel vidare at det var mykje som mangla, men at Brann var gode defensivt og slapp ikkje Sogndal til. 

Sogndal trenar Eirik Bakke var ikkje einig i at det beste laget vant laurdag. 

– Eg følte at det var to dårlege lag som spelte, seier Bakke. 

Til toppen