I dag vart nye Sogndal ei grend fattigare - Porten.no
:
LITE NØGD: Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, likar dårleg at kommunen mistar ei av grendene til Høyanger.
LITE NØGD: Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, likar dårleg at kommunen mistar ei av grendene til Høyanger. (Foto: Halvor Farsund Storvik.)

I dag vart nye Sogndal ei grend fattigare

Vedtaket kan få økonomiske følgjer. Ordføraren i Balestrand er kritisk til avgjerda.

Balestrand: Kommunaldepartementet har vedteke å flytta Nesse grunnkrins frå Balestrand til Høyanger kommune. Det opplyser departementet i ei pressemelding måndag.

Initiativet til å flytta kom frå Nessane Grendelag, medan både politikarane i Balestrand og fellesnemnda til nye Sogndal har sagt nei til grensejusteringa. Gensejusteringa er i tråd med tilrådinga frå fylkesmannen. 

– Dette har vore ei vanskeleg sak å avgjera sidan det er gode argument frå både Nessane Grendelag og frå kommunane som no skal bygga nye Sogndal, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i pressemeldinga.

Får økonomiske konsekvensar

Til Sogn Avis seier ordførar Harald Offerdal at kommunen vil tapa 6,3 millionar kvart år som følgje av vedtaket.

– Eg er redd for at dette kjem til å gå ut over tenestetilbodet i det som no er Balestrand kommune, seier Offerdal til avisa.

Endringa vil skje frå 1. januar 2020, same datoen som Balestrand, Leikanger og Sogndal vert slått saman til nye Sogndal.

– Eg har lagt avgjerande vekt på at denne endringa vil gje innbyggarane i Nesse krins ein betre kvardag med enklare tilgjenge til kommunale tenester, seier statsråden.

 

 

Til toppen