VÊR: Onsdag vert den finaste dagen i påska. Ellers er det venta litt regn og snø. Foto: Arkiv. 
VÊR: Onsdag vert den finaste dagen i påska. Ellers er det venta litt regn og snø. Foto: Arkiv. 

I dag vert det finast vêr i påska

Om du har planar om å nyta sola i påska og endå ikkje har kome deg ut av huset, er det på tide å knyta på deg skoa og koma deg ut døra no. 

Onsdag er nemleg spådd å vera den dagen med finast vêr i påska, ifølge Vervarslinga på Vestlandet. 

– No gjelde det å koma seg ut og nyta resten av dagen, seier Berit Hagen, vakthavande meteorolog ved Metrologisk institutt. 

Du kan også halde deg oppdatert ved å følgje med på vêrvarslinga her. 

Ein del nedbør dei neste dagane

I morgon er det meldt nedbør i stor deler av Sogn og Fjordane, men i Lærdal og Årdal blir det ganske tørt. 

– Vêret resten av påska blir ganske dårlig, men tilskyingar allereie i kveld, seier Hagen. 

Det er meldt byger og nedbør både torsdag og fredag, men sistnemnde blir verst. 

– Me ser at det kjem eit lite opphald fredag kveld med ein sprekk i skyene natt til laurdag. På dagtid laurdag vert det også nedbør. Det er ikkje ein så veldig lystig vêrmelding akkurat, seier Hagen. 

Plussgrader på fjellet

Sjølv om vêret er mykje det same i Årdal og Lærdal, kan ein merka lokale forskjeller. 

– Det blir så vidt plussgrader i fjellområda Filefjell på dagtid og minusgrader ellers. Mesteparten av nedbøren vil her kome som snø. Men det kjem ikkje til å vera samanhengande snø, seier Hagen. 

Samstundes som vêret letta litt opp natt til laurdag, aukar vinden. 

– Det blir nok ikkje vindstille og ein må venta å forholda seg til litt vêr i påska, seier Hagen. 

Til toppen