SUKSESS: Ein retro landhandel med lokale smakar har vist seg å vera ein populær kombinasjon. Smak av Sogn er komen for å bli på Lærdalsøyri. Frå venstre: Cecilie Lykke Christiansen og Helene Maristuen.
SUKSESS: Ein retro landhandel med lokale smakar har vist seg å vera ein populær kombinasjon. Smak av Sogn er komen for å bli på Lærdalsøyri. Frå venstre: Cecilie Lykke Christiansen og Helene Maristuen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

I den gamle landhandelen brygger dei på hemmelege planar

Opningssesongen vart ein suksess for lokalmatbutikken Smak av Sogn i Lærdal. Allereie har dei planar om å utvikla konseptet vidare, men førebels får ingen vita kva dei går ut på.

Lærdal: Landhandelen Smak av Sogn på Lærdalsøyri vart ein suksess frå start av då dørene opna i fjor. Allereie i debuten passerte dei halvannan million kroner i omsetning, i helga gjekk startskotet for oppfølgarsesongen.

– Fjoråret gjekk over all forventing. Eg skal ikkje seia kor mange gongar det opphavlege budsjettet måtte gangast, men det var ganske mykje. Det skulle berre vera mellombels, men vart så godt motteke at me bestemte oss for å ha butikken her permanent, seier Helene Maristuen, styreleiar i Smak av Sogn.

LOKALT BRØD: Brødet frå Tya bakeri kjem ferskt om morgonen og dei fleste forsvinn før dei ein gong hamnar i butikken. Foto: Halvor Farsund Storvik

Hemmelege planar

Laurdag tok ho og Cecilie Lykke Christiansen imot dei første kundane. Takka vera kombinasjonen langhelg og sydentemperaturar var det flust i folk inn dørene og ute i gatene.

– Det er så du nesten skulle tru det var høgsommar, seier Maristuen.

Sjølv om dei er nyetablerte er det ingen planar om å lata denne sesongen vera eit kvileskjær. Det blir klart når me spør kva dei har tenkt å gjera nytt denne sesongen.

– Fantastisk bra spørsmål, no lurer eg på kven du har snakka med, seier Maristuen og ler hjarteleg.

– Det me jobbar med no bak kulissane er produktutvikling. Og ei underavdeling, eller kva me skal kalla det. Det vart litt kryptisk dette er, seier Maristuen orsakande.

Ho vil ikkje avsløra så mykje meir enno, men lovar at dei nysgjerrige ikkje treng venta lenge. Lanseringa skal vera på Lærdalsmarknaden i midten av juni.

– Me byrjar å nærma oss Toscana

Frå før er det kjent at Lærdal Grønt og Smak av Sogn samarbeider om å etablera seg i eit signalbygg på Håbakken. Uansett kva som blir konklusjonen der, er målet at landhandelen på Øyri skal leva vidare.

Dei mange planane, uansett om dei alle let seg gjennomføra, er eit teikn på at lokalmat har gått frå sær nisje til ettertrakta vare.

– Eg ser kjempeforskjell frå eg byrja å jobba med det i 2010. Då såg folk litt rart på deg. Lokalmat var litt hippieaktig, no er det ekslusivt, seier Maristuen.

Ho seier at nordmenn er den største kundegruppa, men òg utlendingar finn vegen inn butikkdørene. Maristuen håpar at nabobygdene skal ta etter, slik at lokale smakar vert ein ekstra grunn til å besøka Sogn. Ho meiner å sjå tendensar til det.

– Me byrjar å nærma oss Toscana. Det er jo det som er målet, at folk synst det er like eksotisk å komma hit, seier Maristuen.

Til toppen