EKTE VR-VARE: Anders Lereng testar VR-bilen. Alle maskinene rører seg med spelet for å skapa inntrykket av at du er i den virtuelle verda du ser gjennom brillene.
EKTE VR-VARE: Anders Lereng testar VR-bilen. Alle maskinene rører seg med spelet for å skapa inntrykket av at du er i den virtuelle verda du ser gjennom brillene. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)

I den virtuelle spelehallen kan du vera både racerkøyrar og jagarflypilot - Sjå bileta

Mange nysgjerrige dukka opp då den virtuelle spelehallen Gamers Planet i Øvre Årdal opna dørene denne helga.

Årdal: – Det var bra med folk, og moro å endeleg få opna, seier Gro Charlotte Fretheim Sraidi.

Saman med med mannen Anouar Ahmed Sraidi har ho jobba på spreng for å få alt klart.

– Me har stått på dag og natt, i allefall dei siste tre vekene, for å få det opp å gå. I mars dukka tanken opp, sidan har det gått rasande fort, seier Fretheim Sraidi.

SATSAR FRISKT: Anouar Ahmed Sraidi og kona Gro Charlotte Fretheim Sraidi, ønskjer at Gamers Planet skal bli ein samlingsplass der årdøler kan spela og ha det kjekt saman. Foto: Sunniva Knutsen

Les òg: Opnar ein av landets første spelehallar med VR-teknologi i Årdal

God betaling

Ho er glad for at både ungdom og barnefamiliar tok turen innom. Oppmøtet var bra sjølv om dei ikkje hadde brukt ei annonsekrone på å skapa blest om tilbodet 

– Når me no ser alle som kjem inn her, kosar seg, og er kjempelukkelege når dei går ut dørene, så er det verdt all jobbinga, seier Fretheim Sraidi.

Ho er takksam for hjelpa dei har fått, både frå den lokale sparebanken og næringsapparatet. Likevel har det kosta ein del å få realisert draumen.

– Det har kosta... masse sveitte, seier Fretheim Sraidi løyndomsfullt.

EKTE VR-VARE: Anders Lereng testar VR-bilen. Alle maskinene rører seg med spelet for å skapa inntrykket av at du er i den virtuelle verda du ser gjennom brillene. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)
KREATIVT: Beat Saber er eit tsjekkisk spel som går ut på å slå lysande boksar som kjem flygande i mot deg. Det må du gjere i takt med musikken, og til å hjelpe deg er du utstyrt med to sett virtuelle Star Wars-sablar. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)
TESTAR FISKELUKKA: Mathilde Blix prøver det fargerike fiskespelet. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)
VR-SKLIE: På VR-sklia kan du mellom anna køyra berg- og dalbana. Her er det Martin Rygg Strand som får prøva seg. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)
VR-EGG: Julie Moheim og Camilla Fretheim Bronnes testar VR-duo egget. Her kan du mellom anna få oppleva korleis det er å fly med F16. (Foto: Gro Charlotte Fretheim Sraidi)
Til toppen