LÅGAST: Aurland har det lågaste sjukefråværet i Sogn og Fjordane, tett etterfulgt av Årdal og Balestrand. Foto: Aapo Haapanen.
LÅGAST: Aurland har det lågaste sjukefråværet i Sogn og Fjordane, tett etterfulgt av Årdal og Balestrand. Foto: Aapo Haapanen.

I denne kommunen har dei lågast sjukefråvær

Ferske tal frå NAV syner at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er lågast i Aurland.

Fylket: – På grunn av problem med talgrunnlaget for sjukefråværsprosentane, har me ikkje hatt sjukefråværsstatistikk sidan 4. kvartal 2014. Me har vore spente på utviklinga og er glade for at sjukefråværet i Sogn og Fjordane framleis er forholdsvis lågt, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane var 5,0 prosent i 3. kvartal 2016, det same som i 3. kvartal 2015. I same periode har sjukefråværet på landsnivå auka frå 5,3 til 5,4 prosent.

Det går fram av ei pressemelding frå NAV Sogn og Fjordane.

På kommunenivå er det Aurland som har det lågaste sjukefråværet med 3,0 prosent. Deretter kjem Årdal og Balestrand med 3,8 prosent. Dei to sistnemnde er også dei to kommunen med størst reduksjon sidan 3. kvartal i 2015.

Medan sjukefråværet har auka noko blant menn frå 4,0 til 4,2 prosent, har sjukefråværet blant kvinner gått ned frå 6,1 til 6,0 prosent.

Prosentdelen med gradert sjukemelding har auka frå 24 prosent i 3. kvartal 2015 til 25 prosent i 3. kvartal 2016. På landsnivå er prosentdelen graderte uendra på 23 prosent. 29 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane har ein gradert sjukemelding, mot 20 prosent av mennene.

– Det er positivt at bruken av gradert sjukemelding aukar, då forsking viser at mest mogleg nærvær på arbeidsplassen aukar sjansen for å kome raskare tilbake i jobb, seier Thorsnes.

Til toppen