BIBLIOTEK: Slik ser den nye dagsturhytta ut, som kvar kommune i Sogn og Fjordane skal ha. Dei første hyttene skal vera på plass i 2017, og dei skla få turbibliotek. (Foto: Rojo arkitekter)
BIBLIOTEK: Slik ser den nye dagsturhytta ut, som kvar kommune i Sogn og Fjordane skal ha. Dei første hyttene skal vera på plass i 2017, og dei skla få turbibliotek. (Foto: Rojo arkitekter)

I desse hyttene vil det koma nynorsk turbibliotek

Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane har fått støtte frå Nasjonalbiblioteket til prosjektet Nynorske turbibliotek i Sogn og Fjordane. Biblioteka skal inn i dagsturhyttene som skal byggjast i alle kommunane i fylket.

Prosjektet skal gå over to år. Det første året er tilskotet frå Nasjonalbiblioteket på 400 000 kroner.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har teke initiativ til å byggje dagsturhyttene. Hyttene får lik utforming og blir finansierte ved spelemidlar og støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. I alle hyttene skal det vere eit lite bibliotek.

Gjennom turbiblioteka ynskjer Fylkesbiblioteket å nå ut til eit breiare publikum enn dei som vanlegvis nyttar folkebiblioteka. Målet er å stimulere til lesing og bibliotekbruk og å auke kunnskapen om nynorsk språk og litteratur.

Det er planlagt ei rekkje litterære og kulturelle arrangement i og ved dagsturhyttene, i eit samarbeid mellom Fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og aktuelle organisasjonar.

Til toppen