Aurland: Eit nystarta norsk selskap, støtta av utanlandske investorar, ønskjer å etablera eit datalagringssenter i eit gamalt industribygg i Vassbygdi i Aurland.

– Det er ei spanande næringsetablering i kommunen, seier ordførar Noralv Distad (H).
Det var Aurlendingen som først melde at kommunen og det norske selskapet var i dialog om ein leigeavtale. Ifølgje det månadlege bygdabladet skal etableringa i stor grad vera motivert av utsiktene til å få tak på billig straum. For kommunen kjem vinsten i form av auka sal av konsesjonskraft, i tillegg til leigeinntektene.
I dag, torsdag, skal politikarane ta stilling til rammeavtalen som er forhandla fram. Ordførar Distad vil ikkje forskottera ei avgjerd, men seier det er eit tverrpolitisk ønskje om å fremma næringsutvikling i kommunen. Ikkje minst når det spelar på deira naturgjevne føremoner, i dette tilfellet billig og rein kraft.
– Så blir det opp til kommunestyret å ta stilling til denne konkrete saka, seier Distad.
Møtet i kommunestyret vil vera lukka for ålmenta og media. Saksframlegget er hemmelegstempla av forretningsmessige omsyn. Ikkje ein gong namnet til selskapet er offentleg kjent. Ordføraren meiner det er naudsynt.
– Når vedtaket blir gjort, så skal me så raskt som mogleg informera meir om innhaldet i det, seier Distad.