Sogndal: Trettifem ungar i aldrene to til tolv deltok i påskerennet i Sogndal skisenter i Hodlekve laurdag.
– Det var mange positive ungar som var veldig nøgde. Mest med premiane: det var pokalar, flotte huer og matboksar. Dei var så nøgde at, seier Magne Hofslundsengen, ein av to arrangørar frå alpingruppa til Sogndal idrettslag.
Les også: Bli med små og store på eggjakt i Aurland
Les også: Folkefest og løyperekord på Filefjell
Vanlegvis er påskesrennet i Hodlekve for alpinistar i alle aldrar, men på grunn av litt lite snø var det i år berre dei minste som fekk vere med. Trass varierande vêrmeldingar slo sola til då det gjald som mest og skapte ei fin ramme rundt konkurransen.
– Det var perfekt. Når du er i Hodlekve så blir det bra, uansett. Ungane storkosa seg, seier Hofslundsengen.