NY DUO: Kristoffer Brekke frå CrossFit Sogndal har kjøpt seg inn hos Stig Morten Hardeland og Fitness & Fightclub. Nysatsinga har fått namnet Sogn treningssenter, og lokala har blitt dobbelt så store.
NY DUO: Kristoffer Brekke frå CrossFit Sogndal har kjøpt seg inn hos Stig Morten Hardeland og Fitness & Fightclub. Nysatsinga har fått namnet Sogn treningssenter, og lokala har blitt dobbelt så store. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

I eitt år har dei vore konkurrentar – no slår treningsduoen kreftene saman

Sogn treningssenter heiter det nye tilbodet i Sogndal, eit resultat av at to små aktørar no slår seg saman.

Sogndal: – Me fann ut at me ikkje kunne halda på å halvegs konkurrera, men at me heller måtte gå saman for å skapa eit enno betre tilbod, seier Kristoffer Brekke.

Mannen bak Crossfit Sogndal har kjøpt seg inn i Fitness & Fightclub, treningssenteret som i fjor opna opp i nye lokale på andre sida av elva overfor Sognahallen. 

– No satsar me for fullt og prøver å konkurrera litt med det andre senteret som er i bygda her, seier Stig Morten Hardeland, og nikkar i retning storebroren på Campus.

  Foto: Halvor Farsund Storvik

Gjekk i null førsteåret

I samband med samanslåinga har lokala blitt utvida til nesten det dobbelte. Loftet skal framleis vera tumleplassen til kampsportutøvarane. Muay Thai-verdsmeistar Tiago Mendes er ikkje lenger eigar, men vil halda fram som trenar. 

I midtetasjen har arealet med vekter og styrkeapparat blitt dobla, medan det i kjellaren har kome eit heilt nytt område for treningsforma CrossFit. Her vil det bli gruppetimar, med ferdige opplegg og rettleiing av trenar.

– Då har me eit ganske breitt tilbod til alle. No håpar me å bli eit mykje betre senter enn det har vore, seier Hardeland om nysatsinga.

Det første året, som rett nok starta i mai, enda på 283.000 i omsetning. Drifta gjekk omtrent i null. Hardeland kallar det eit ok resultat, men likevel «over forventning».

– Dei fleste treningssenter går vel med tap i starten, seier han.

– No veit me kva me har å gå til, så no kan me satsa litt hardare, og prøva å få opp ein litt større kundemasse, seier Hardeland.

Blir fulltidsjobb

Til det siste får han god drahjelp frå den nye medeigaren Brekke, som tek med seg mellom 60 og 80 CrossFit-entusiastar.

Håpet er at dei vil lokka enno fleire med større areal, eit utvida treningstilbod, og hyppigare bemanning. Medan han sjølv har ein jobb å gå til, vil kompanjongen driva treningssenteret på fulltid.

– Det hjelper voldsomt. No kan me ta imot kundane på ein litt betre måte, seier Hardeland.

Som blikkfang har dei i tillegg tenkt å ordna til uteområdet, og montera ein CrossFit-rig der folk kan trena i friluft.

– Då treng du i utgangspunktet ikkje vera medlem for å bruka det, men tanken er at det skal lokka folk til senteret, seier Hardeland.

Kristoffer Brekke ser fram til at CrossFit-gjengen skal få ein fast tilhaldsstad, etter at dei har flytta litt rundt sidan starten i 2015.

– Det er kjempedeilig å tenka at no er me her, og no blir me her, seier han.

Til toppen