PÅ AMBASSADEN: Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete nyt ein dessert på den norske ambassaden i Finland under studieturen fylkesstyret i SP har denne veke. Foto: Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Senterparti 
PÅ AMBASSADEN: Aleksander Øren Heen og Liv Signe Navarsete nyt ein dessert på den norske ambassaden i Finland under studieturen fylkesstyret i SP har denne veke. Foto: Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Senterparti 

– I Finland gjer dei motsett av oss

Fylkesstyret i Senterpartiet er på studietur til Finland mellom anna for å få innblikk i deira "omvende regionreform" 

Indre Sogn/Finland: – Her har dei berre stat og kommunar. No ser finnane verdi i å flytta makt ut frå Staten til regionar som minner om dagens fylkeskommunar i Noreg. Dei har faktisk sett på korleis me har det i dag inn mot denne reforma, og driv såleis på med det stikk motsette av oss, fortel Aleksander Øren Heen (SP).

Finland minner om Noreg på fleire vis - i innbyggjartal og utstrekning er landa nesten nøyaktig like store. Men eit mellomnivå som fylkeskommunar har dei ikkje. No har Centern - det finske søsterpartiet til Senterpartiet, som også har regjeringsmakt og statsministeren - planar om ei regionalisering.

– Geografien må spela inn

– Det er veldig interessant i høve den reforma me driv med i Noreg. Berre at her i Finland er høgrepartia einige i tanken om å flytta makt til høveleg store einingar i mellomledd.

– Men er ikkje poenget med regionreforma i Noreg nettopp at dei nye regionane skal få meir makt enn det dagens fylkeskommunar har?

– Regjeringa seier det, men har ikkje så langt vore viljuge til å koma med fleire og større oppgåver. Nettopp det at ein per i dag har fylkeskommunar i Noreg der det stort sett går an å koma att og fram på ein dag eller så er noko finnane ser på. Skulle ein få regionar i Noreg der ein til dømes må reisa frå Selje til Stavanger blir det krevjande. Geografien må spela inn, ikkje berre innbyggjartal.

FINSK-NORSK: Dei to søsterpartia Senterpartiet og Centern meiner begge den finske regionreforma har meir føre seg enn den norske. 
FINSK-NORSK: Dei to søsterpartia Senterpartiet og Centern meiner begge den finske regionreforma har meir føre seg enn den norske. 

Kan motsette grep gje same effekt?

Øren Heen og resten av fylkesstyret besøkjer nettopp representantar frå Centern denne veka. Han fortel argumentasjonen for deira regionreform går motsett retning av argumentasjonen regjeringa har for den norske regionreforma:

– Finland slit økonomisk og meiner flytting av makt til atten regionar vil vera besparande. Regjeringa heime meiner større og færre regionar gir same effekt økonomisk, trass i at grepet er det motsette. Ingenting er endeleg bestemt her, det skal seiast, men dei har mykje gode intensjonar slik eg ser det.

Konkret har Øren Heen bite seg merke i ei sak.

– Mellom anna vil dei flytta styringa av sjukehusa over til dei nye regionane. Det var slik me hadde det i Noreg fram til 2003.

Til toppen