MORRO I ALLE ALDRAR: Den yngste deltakaren på skikarusellen var fire år gammal, men også personar frå ungdomskulen var med.
MORRO I ALLE ALDRAR: Den yngste deltakaren på skikarusellen var fire år gammal, men også personar frå ungdomskulen var med. (Foto: Guri Olsen)

I fjor klarte dei ikkje å få til ein einaste skøytekarusell, onsdag får dei i stand årets andre

Folk fryda seg på isen sist onsdag.

Lærdal: Onsdag arrangerte "Skøytegruppa" til Lærdal IL skøytekarusell, der både store og små kunne prøve seg på distansar på 50, 100 og 400 meter. 

– Me prøver å få arrangert skikarusell kvar onsdag og trening måndag, så lenge det er is. Det er veldig vêravhengig, så folk må berre følgje med på Facebookgruppa vår, fortel medlem i Skøytegruppa, Guri Olsen. 

Skøytebana brukar nemleg kun naturis.

– Me har nokre pensjonistar som køyrer bil med tankar med vatn. Kåre Øyri og Ragnar Sanden er skikkelege ildsjeler som legg is og sørgjer for at det er is heile tida. Utan dei hadde me ikkje hatt is, seier ho. 

Ho fortel vidare at Øyri også bidreg med å vere instruktør. Han lærer ungane korleis dei skal gå på skøyter, og korleis dei vaksne skal slipe skøytene. 

– Ein må nemleg slipe skøytene for hand, forklarer ho.

Dårleg hell i året som var

I fjor var dei derimot ikkje heldige nok med temperaturen, då all isen smelta bort like fort som den kom. 

– Kunstis er den store draumen til Skøytegruppa, seier Olsen, men presiserer at det er veldig dyrt samtidig som det er store driftskonstader. 

– Eit supert tiltak

Olsen er klar på kvifor Skøytegruppa stell i stand skøytebana, og kvifor det er viktig for bygda:

– Det er jo for at dei unge skal få kome å stå på skøyter. Det er eit supert tiltak der ein kan samlast, og det er veldig sosialt. Born og vaksne går om kvarandre på isen, og skuleelevar kjem om ettermiddagen og heng på skøytebana i staden for å sitje heime. Me håpar liksom på å få folk ut. 

Ho avsluttar med å ynskje alle velkommen til karusell neste onsdag. 

Til toppen