SYNFARING: Onsdag var Kulturminnefondet på synfaring på Harastølen saman med investorane og prosjektleiar Terje Svindland.
SYNFARING: Onsdag var Kulturminnefondet på synfaring på Harastølen saman med investorane og prosjektleiar Terje Svindland. (Foto: Sondre Dalaker/NRK)

I framtida kan du truleg overnatta på Harastølen Hotell

Investorane sette 1. juni som tidsfrist for å sjå om det var nok kapital til å gå vidare med hotellplanane, og no ser dei meir positivt på det enn nokon sinne.

Luster: – Me har fått inn så mykje støtte og aksjekapital at me vil fortsetta med prosjektet, seier prosjektleiar Terje Svindland.

Han er ein av tre investorar som står bak planane om eit hotell i det gamle, slitte sanatoriet som ruvar 500 meter over havet i Luster. 

Har jobba hardt for å realisera planane 

– Det ser ut til at me skal greie dette no. I september tek me ny status men allereie då vil me byrja å renovera bygget utvendig, seier Svindland.

Investorane har jobba på i mange månader for å koma dit dei er i dag, men det står fortsatt att ein del peng før dei kan realiserer draumen om eit hotell i Sanatorievegen. 

– Me er avhengige av å få på plass det meste av økonomien slik at me kan gjera det her. Det manglar noko kapital og støtte men det kan me jobba med gjennom vinteren samstundes som me jobbar med bygget, seier prosjektleiaren. 

Trur arbeidet kan starta til hausten

Han ser føre seg at dei får tetta bygget og at jobben utvendig blir i orden før vinteren kjem. 

– Me skal ikkje pussa opp alt saman på ein gong, og i fyrste omgang blir det utvendig samt to etasjar inne. 50 % av innvendig bygningsmasse skal pussast opp og då endar me opp med 40 rom, restaurant, resepsjon og konferanselokale.

Kulturminnefondet var på synfaring

Onsdag var Kulturminnefondet på synfaring for å sjå plassane dei har gjeve pengar til. 

– Harastølen har fått 3,8 millionar av Kulturminnefondet og etter besøket var dei veldig begeistra og positive til det heile. 

Også kommunen gjer sitt til at planene om eit hotell skal gå i orden. 

– Vegen opp er ei utfordring men det er gjeve eit tilskot frå kommunen på fem millionar til vegen sånn at du blant anna kan ta buss opp i framtida, seier Svindland.

Vil halda fram med teater og kultur

Før realiseringa om eit hotell, forhåpentlegvis, kan starta i september er det teaterførestilling og kulturhelg som står på planen i sanatoriet. 

– Eg trur arrangørane vil få kjempeeffekt av førestillinga der oppe. Det er absolutt spanande med teater og me vil halda fram med å tilrettelegge for sånt i framtida. Det er bra både for lokalsamfunnet og staden. 

Svindland ser føre seg ei scene på framsida av Harastølen.

MAJESTETISK: Med fjell og fjord i bakgrunn har Svindland tru på ein kulturarena av dei sjeldne. Her frå tida då Hågen Ude og Kristian Nilssen budde i sanatoriet. Foto: Jørgen Nordby

– Der kan du spele teater og ha konsertar med Lustrafjorden i bakgrunn og den fantastiske settinga med hotellet i framgrunn. Me vil gjerne fortsetta å ha sånne opplevingar der. 

Han er positiv til regissør Jeff Pedersen som skal sette opp teaterførestillinga Det Gule Tapetet på Harastølen i sommar. 

– Det er moro at dei får til dette no, og kanskje kan dei koma å ha fleire forestillingar oppe hjå oss når me er ferdige med hotellet, seier han. 

Til toppen