Årdal: Det er valkamp, og då blir sjukeheimsplassar fort eit tema for riskpolitikarane, ei undersøking som Kommunal Rapport har gjort syner at berre fem prosent av dei kommunale omsorgsleiarane tykkjer den nasjonalt debatten speglar røynda dei møter i eigen kommune.
Det inntrykket sit Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse og omsorg i Årdal kommune, også med.
– I denne kommunen snakkar me om omsorgstrappa, med førebygging på lågterskelnviå og heilt opp til sjukeheimsplassar. Eg er samd i at det er feil med einsidig fokus på sjukeheimsplassar. Det er dyre plassar, så me må sjå på andre modellar, seier ho.
Kjem ikkje utanom sjukeheimsplassar
Svanberg trur ikkje ein kjem utanom sjukeheimsplassar i framtida, men er samd med kollegaene sine frå rundt om i Kommune-Noreg i at det kan bli for mykje snakk om det.
– Viss me hadde hatt veldig mykje pengar og god tilgang på kompetanse, skulle me gjerne ha bygd i fleng, men behovet er nok større breidde i tilbodet. Det er så mykje anna som ligg i eldreomsorg.
– Det me ser no, er at viss me hadde hatt tilbod om omsorgsbustader med døgnbemanning, så ville fleire som i dag har sjukeheimsplass, kunne gjort seg nytte av det.
Formar tilbod for framtida
Akkurat no jobbar kommunen med eit prosjekt, der målet er å kome ut med forslag til ulike modellar på struktur, slik at ein på best mogleg vis kan møte eldrebølgja ein veit vil kome om få år.
– Det gjeld alt frå fysiske bygg til tilbod. Skal me berre ha sjukeheimsplassar og heimesjukepleie, eller skal me ha omsorgsbustader med døgnbemanning? Og så har ein den administrative delen. Har me den mest tenelege modellen i dag?
– Dette blir tema i ein dialogkafé i oktober, der me skal skaffa eit grunnlag før me skal revidera helse- og omsorgsplanen vår, forklarar ho.