Turtagrø: Politi, redningshelikopter og frivillige rykte ut til Turtagrø der to personar hadde varsla om at dei var i naud i fjellheimen.
Det var Hovudredningssentralen som laurdag ettermiddag fekk melding om utløyst naudpeilesendar.
Om lag 30 minutt etter at politiet melde dette på Twitter, kunne dei fortelje at dei hadde fått kontakt med dei to personane og at dei var i god behald.
– Gutane, begge i tjueåra, har no tatt seg ned til Turtagrø i god behald og har fått tilsyn av helse, skriv politiet.
Både Luster og Hafslo Røde Kors, skredgruppa, Sea King og Norske redningshunder rykte ut for å bidra i leiteaksjonen.