FIBERUTBYGGING: I desse dagar pågår det fiberutbygging på Sletterust og i Mannsberg. Ved hjelp av ein spesiell plog går arbeidet raskare enn venta. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FIBERUTBYGGING: I desse dagar pågår det fiberutbygging på Sletterust og i Mannsberg. Ved hjelp av ein spesiell plog går arbeidet raskare enn venta. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

I god rute med fiberutbygginga før vinteren

Ein heilt spesiell plog gjer at arbeidet med å leggje fiber på Sletterust og i Mannsberg går raskare enn venta. 

Sletterust: Det var i august Porten.no kunne melde at Årdalsnett skulle byggje ut breiband for hyttene mellom Holsbru og Tyinosen. No har arbeidet pågått i snart to månader.

– Arbeidet har kome langt med tanke på at me starta på prosjektet så seint som 29. august. Målet var å få opp 35 kundar på nett før 1. november, men fleire av desse har valt å venta med graving til neste år.

Det fortel Jan Stian Smedegård som er prosjektleiar. Det er Årdal Energi som er hovudentreprenør i utbygginga. Olav O. Hæreid tar seg av gravinga, medan Caverion installerer på hyttene. 

Spesiell plog

I haustsola er dei 7-8 personar i sving i desse dagar. Vinteren nærmar seg, og då vert det brått langt vanskelegare å arbeide, men ved hjelp av ein spesiell plog går jobben raskt unna. 

– Då me starta med gravearbeidet, såg me raskt at det vart tidkrevjande å grave ned alle røyra. Då kjøpte Olav O. Hæreid ein plog til gravemaskina som letta arbeidet vårt veldig. No trekk me berre ut røyrene på bakken først, så plogar dei ned røyr og søkjetråd i eitt, forklarar Smedegård.

Artikkelen held fram under biletet.

BLÅSING: Ved hjelp av ei maskin bles ein fiberen ut i røyra.
BLÅSING: Ved hjelp av ei maskin bles ein fiberen ut i røyra.

Deretter bles dei fiberen ut i røyra. Når tildekkingsarbeidet er gjort, visar det knapt at det har vore ei gravemaskin i terrenget. 

Ligg føre skjema

Det meste av røyr som skal i bakken i Mannsberg og på Sletterust er ferdig, men det gjenstår framleis litt blåsing. 

– Men me ser at me ligg føre det me hadde rekna, seier han.

Dei siste vekene har snøen allereie byrja å legge seg somme plassar. Utover vinteren vil det framleis pågå litt arbeid, men då i stolpar og andre ting ein kan gjera sjølv om det er snø.

Tatt ut i streik

Så raskt snøen reiser att til våren startar arbeidet opp att. Per no er det 125 hytteeigarar i området som har sagt ja til fiber, men det er framleis mogleg å slenge seg med.

– Det er berre å gi beskjed til meg eller til Årdalsnett. Då me starta prosjektet, heldt me eit informasjonsmøte med kundane som no får fiber, og det planlegg me å gjera med resten av hytteeigarane også innan 1. desember.

No er planen å drive på så lenge forholda tillet det eller fram til 1. november. Arbeidet har fått ein liten fartsdump denne veka på grunn av den pågåande streiken i energibransjen. 

Til toppen