Årdal: – Eg har tre rakfisklag om året. Eitt med skiftet mitt, eitt som eg reiser på laksefiske med til Suldalslågen og so eitt med desse karane som eg reiser på fjellfiske med, fortel Svein Jarle Moen.
Sjette dag jul heldt han rakfisklag med fjellfiskekameratane sine, som han fiskar i fjellet med kvar august.
Han og venene fer til ei jakt- og fiskarhytte til fjells fem dagar eit godt stykke ut i august. Dei fiskar i vatnet med stang og garn om dagen, og spelar råv til langt på natt om kveldane.

– Stundom spelar me til klokka fire-fem om natti, fortel Moen.
Etter fire kveldar og netter ser dei kven som har tapt, og taparen vert Mannsberg-råven.
- Les også: Råvkortspel ein sterk tradisjon i Årdal.
Rakfisklaget har dei på nyåret
Det fyrste rakfisklaget som Svein Jarle Moen steller i stand kvart år, er heime på Moa like etter nyttår. Då kjem fiskarkameratane hans på besøk att, og dei skal spela råv for fyrste gong sidan sommaren.
Når dei har ete, måler dei krefter utetter kvelden og nattetimane i råven. No skal dei få sjå kven som fell i den vanæra å verta Moaråven. Det tradisjonsrike kortspelet er særeige for Årdal.

– Det er dei som er råvagjengen
– Der sit Bjørn Øvstetun og dei i Øvstetun. Det er eigentleg dei som er råvagjengen frå gamalt. Det var i øvstetunsgarden råven var, fortel Moen når han går inn i stova.
Alle som sit der ved bordet har spela råven heilt sidan dei var små.
– Eg byrja å spela med bestemora mi, so snart eg var gamal nok til å halda i ein kortleik, fortel Geir Vee.

Brørne Bjørn og Svein Åge Øvstetun lærte òg å spela av besteforeldra. Det same gjorde Svein Jarle Moen sjølv, for kortspelet stod sterkt i grenda hans med:
– På Vee og på Øvstetun og på Moa, det er i dei grendene dei har spela råv, seier Moen.
Dei diskuterer litt.
– Dei spela ein del på Hestetun òg, seier ein.
– Og so på Midtun, seier ein annan.
– Alle gamle årdøler spela råv, meiner Bjørn Øvstetun.

Svein Jarle Moen mimrar om råvalivet på Moa før
– I gamle dagar spela dei på basaren på Moa, det var før huset vart ombygt. Dei var seks mann som spela fast der. Eine gongen hadde me opptakar og tok opp når dei sat og kjefta på kvarandre rundt bordet. So spela me det opp att etterpå. Dei fekk jo sjokk. Oskar på Treikadn skamkalla jo alle.
– Mannfolka spela råv og kvinnfolka prata. Slik var det vanleg å sjå det i alle selskap, seier Bjørn Øvstetun.
– Same kvar me var, so spela me råv. Men dei eldste som spela mest har dotte i frå meir og meir. I huset på Moagarden her (grendahuset), so sat dei i andre etasjen, det som me kalla for salen. Alle mannfolka sat på salen på Moagarden og spela. Og om du ikkje spela, so sat du der likevel, for du fylgde med på dei seks som spela, fortel Moen.
– Ja, det var bakspelarane det, skyt Bjørn Øvstetun inn.

Bakspelar var eitt innarbeidd omgrep innan råvasjargongen. Sidan alle skal ha åtte kort på handa, kan det aldri vera meir enn seks personar kring eit råvbord. Ungane som vart til overs, sat og såg på korta til dei vaksne.
– Me såg berre på, sa du noko so fekk du kjeft, fortel Moen.
Dei gamle visste best
Moen meiner dei gamle karane visste korleis råven skulle spelast, for dei spela med tvungen trums. No til dags er det ikkje alle i bygda som fylgjer det.

– Det er ei god suppa heile spelet som somme spelar no, dei blandar i hop råv og amerikanar, og har trumsen fri, seier Svein Åge Øvstetun.
– Ja det er humbag!, bryt Andreas Bakken ut og flirer godt.
– Nei, trumsen, han skal vera tvungen. Har du trums so skal du trumsa. Du skal ikkje drepa han stakkaren som sit der utan, seier Svein Jarle Moen.
– Med den frie trumfen, so kan ein jo taka rotta på ein stakkar, seier Bjørn Øvstetun.
Dette råvalaget er altso heilt samde om at det gamle Moa-viset å spela på, med tvungen trums, er det rette.
Adelsboki
Før fanst det ei vandrande råvabok i bygda òg, som dei kallar adelsboki.

– Det var ein slik adelskalender. Tor Olav Veeheim loggførte alle råvaspel opp gjennom åri i Øvstetun. Den boki har ikkje vore i bruk på mange år no, fortel Bjørn Øvstetun.
Stundom hadde Veeheim boka med seg kringom i bygda òg, og førte inn resultat. Boka er omlag 30-35 år gamal og Veeheim har ho enno.
Når det var fest pla dei fire brørne på Øvstetun halda kortspellag før dei fór ut.
– Me sat på rommet mitt og spela råv før me fór på stova på fest. Då brukte me den boki som han Tor Olav Veeheim hadde.
Dei vart ikkje alltid klare med spelet før dei skulle fram på festen, so dei heldt fram når dei kom att frå Årdalsstova.

– Men so fann eg ut ein gong at eg måtte leggja meg. Han Geir hoppa inn for meg, for han vart med på etterpåfesten. Og det gjekk heilt katastrofalt føre seg. Medan eg låg og sov hadde eg vorte generalråv, fortel Bjørn og ler godt.
Dette lagnadstunge råv-partiet kan ein enno finna att om ein blar i adelsboka.

Ulike gapestokk-tradisjonar
Karane fortel at det er eitt års gapestokk for den som vert råv.
Det er fleire i bygda som har ein råv/rev som er stoppa ut, og som går på omgang mellom taparane. Dei skal ha han i huset sitt til spott og spe og godt synleg.
Dei nemner årdøler som har fått ordna med slike utstoppa råvar: Ole i Vee, Øystein Hestetun og so Kjell Øygard, årdølen i Stavanger som kjem til heimbygda i romjula for å spela. Dei meiner det er fleire òg.
Men karane som samlast på Moa nøyer seg med to vandrande t-skjorter. Ei for han som tapar på Moa, og ei for han som tapar oppe ved fjellvatnet på Mannsberg i august.
I august møtest dei att ved fjellvatnet

I august skal Mannsberg-råven kårast oppe i fjellhytta.
Frå tredje onsdagen i august og fram til sundagen skal det avgjerast. Til lunsj et dei fisk. Elles er menyen spikra for kveldane, før råvaspela ut mot nettene.
Fyrste kvelden vert det hjortekjøt.
– Han er komen i frysaren den middagen, han er klar. Det vert ytrefilet og sosekjøt, seier seier Svein Åge Øvstetun.
