KOM MED INNSPEL: Rundt 60 personar i alle aldrar frå ulike lag og organisasjonar var samla onsdag kveld for å kome med innspel til strategisk næringsplan som skal gjennom ei tung rullering i 2016. Som ein del av arbeidet blei dei delt opp i grupper for å jobbe med sine tankar rundt ein slik plan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KOM MED INNSPEL: Rundt 60 personar i alle aldrar frå ulike lag og organisasjonar var samla onsdag kveld for å kome med innspel til strategisk næringsplan som skal gjennom ei tung rullering i 2016. Som ein del av arbeidet blei dei delt opp i grupper for å jobbe med sine tankar rundt ein slik plan. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I gong med å bygge framtida i Årdal

Denne veka starta arbeidet med å forme strategisk næringsplan for Årdal kommune. Planen skal gjennom ei tung rullering i 2016.

Årdal: Onsdag kveld var frivillige lag og organisasjonar, politikarar, unge og gamle samla for å kome med innspel til planen. Dryge 60 personar var samla denne kvelden.

Torsdag var publikum litt meir spissa med inviterte aktørar frå næringslivet. Dsse to samlingane var startskotet på noko som skal enda med eit politisk vedtak i desember.

Med til å hjelpa seg hadde Årdal Utvikling fått med seg Ragna Brenne Bjerkeset og Ingrid Kvande frå Tive samfunn i Molde. Dei to har mykje kompetanse innan utvikling og bidrog til arbeidsprosessen.

– Me jobbar etter tipunktsmodellen, som er ein erfaringsbasert arbeidsmetodikk som handlar om å utvikla stader, næring og samfunn mot eit felles mål. Der skal ein få tak i kjenneteikn ved staden, kva som rører seg i samfunnet rundt oss og jobba for å spissa seg mot målgrupper ein skal vende seg mot for å rekruttere, forklarar Bjerkeset.

Artikkelen held fram under biletet.

BIDREG: Ragna Brenne Bjerkeset frå Tibe samfunn bidreg i arbeidet med å forme strategisk næringsplan Rundt 60 personar møtte opp onsdag kveld for å kome med sine innspel. 
BIDREG: Ragna Brenne Bjerkeset frå Tibe samfunn bidreg i arbeidet med å forme strategisk næringsplan Rundt 60 personar møtte opp onsdag kveld for å kome med sine innspel. 

Rundt ho sit årdøler i alle aldrar samla i grupper og diskuterer kva som kjenneteiknar Årdal og kva retning kommunen skal ta i framtida for å gi vekst og eit godt omdøme.

Brei forankring

Ved hjelp av ein strukturert arbeidsmetodikk, skal ein kome fram til konkrete planar, der ein må forplikte seg, organisere og finansiere. Då skjer det noko, smiler ho.

– Dette er brainstorming. Deretter må ein sortere ut og finne det som er lønsamt å gå vidare med og satse på for Årdal og seie at dette kan me vinne fram med, skyt Kvande inn. 

Med andre ord går ein ganske så breitt ut no i starten av ein lang prosess før ein etter kvart snevrer inn og finn det alle er opptekne av og kan stille seg bak. På den måten vil planen vere godt forankra hjå dei fleste innbyggjarar.

– Det har me erfart at viss ein jobbar så breitt, vil folk forplikte seg til å vere med og ta ansvar. Ein må byggja ned negativ snakkis og byggja eit positivt omdøme, held Bjerkeset fram.

Må prioritere

Til sjuande og sist handlar det rett og slett om å bestemme seg. Ein kan nemleg ikkje drive med alt alltid.

– Dei som lykkast er ærlege på kva dei kan og har moglegheit til og torer å strekka seg litt på det. Ein skal ikkje lata som ein er noko ein ikkje er, men det er viktig å få til eit godt samspel mellom det viktigaste aktørane i samfunnet og det frivillige, og få dette til å fungere. Det vanskelege er å få dei til å forplikte seg, seier Bjerkeset.

Artikkelen held fram under biletet.

BREI FORANKRING: Ingrid Kvande fortel at dei tidleg i arbeidet går breitt ut blant folk i Årdal for å samle innspel til næringsplanen. Etter kvart skal dette spissast inn.
BREI FORANKRING: Ingrid Kvande fortel at dei tidleg i arbeidet går breitt ut blant folk i Årdal for å samle innspel til næringsplanen. Etter kvart skal dette spissast inn.

– Og så er det viktig at politikarane er ein del av dette. Det er jo dei som til sjuande og sist skal vedta dette i kommunestyret. Då må ein vere tøff og prioritere, legg Kvande til. 

Dersom ein ikkje prioriterer, er det fort utfordringane kjem. Dei to peikar nemleg på Ole Brumm-tankesettet med «ja, takk, begge delar» som ei typisk felle for kommunar som held på med slikt arbeid. Då forsvinn kronene fort ut vindauget utan at ein får dei store løfta.

Den hemmande Øvre-Tangen-diskusjonen

For Årdal sin del, er også den berømte Øvre-Tangen-konflikten ei utfordring. Dette var det mange som framheva som hemmande for utviklande arbeid i bygda. Samstundes skal det seiast at alle som var tilstades var heilt klare på at dette måtte Årdal koma forbi og leggja bak seg. 

– Tenk på kor mykje energi det går på å snakka om å jobba mot ei avgjerd. Det er destruktivt i seg sjølv. Du får eit negativt fokus. Eg er overbevist om at det er veldig hemmande for all utvikling. Det kan vera nok til at folk ikkje snakkar saman, og då får ein heller ikkje til samarbeid, meiner Bjerkeset.

– Då kan ein heller bruka ressursane på å stå saman mot ein «felles fiende» med ei felles oppgåve som gagnar kommunen, supplerer Kvande og viser til Sogndal, som nyleg braut forhandlingane om ein storkommune i Sogn. 

Kor lang tid det tar å snu ei oppfatning blant innbyggjarar, er vanskeleg å spå seier dei to. Dette er veldig opp til dei sterke røystene i samfunnet, men i verste fall kan det ta ein generasjon. 

Til toppen