FØRSTE SALVE: Torsdag blei første salve i samband med bygginga av Mannsberg kraftverk sprengt. Foto: Tipsar. 
FØRSTE SALVE: Torsdag blei første salve i samband med bygginga av Mannsberg kraftverk sprengt. Foto: Tipsar. 

I gong med sprenging i Mannsberg

Arbeidet med Mannsberg kraftverk er i gong for fullt.

Mannsberg: I heile sommar har det blitt jobba med å utbetra vegen, og denne veka har også sprengingsarbeidet starta, opplyser Oddgeir Steinheim.

På grunn av snøforholda starta arbeidet allereie 15. juni i sommar med å brøyta vegen, og sidan då har ein arbeidd med å utbetra den og etablera ny veg til der kraftstasjonen skal ligga, samt dit tunnelinnslaget skal vera. 

Sprenginga er i denne omgang ikkje knytt til den 300 meter lange tunnelen som skal føra vatnet, men til området der kraftstasjonen skal stå og der røyrene skal ligga, fortel Steinheim.

– Tunnelen startar me med neste veka. Entreprenør var oppe og såg på dette denne veka, og me reknar med at han byrjar å køyra opp utstyret snart. Her ligg me 14 dagar etter skjema. 

600 husstandar

Det er Hydro Aluminium som har fått konsesjon til å byggja kraftverket, som skal gje ein årleg produksjon på inntil 12 GWh fornybar energi, noko som tilsvarar straumforbruket til om lag 600 husstandar. 

Artikkelen held fram under biletet.

TIL SLUTT: Når alt arbeidet er unnagjort blir kraftverket sjåande om lag slik ut, men me nokre endringar. Illustrasjon: Småkraft AS.
TIL SLUTT: Når alt arbeidet er unnagjort blir kraftverket sjåande om lag slik ut, men me nokre endringar. Illustrasjon: Småkraft AS.

Ifølgje NVE vil dette føre til ei betre utnytting av eksisterande reguleringar, og verknadane er i hovudsak avgrensa til visuelle effektar på landskapet og ulempar for hytteområdet på Mannsberg, heiter det i tilrådinga deira frå 2012. 

I haust kjem dei til å halde på med arbeidet fram til 4. november. Då tek dei pause for vinteren før dei byrjar på igjen 16. mai med brøyting.

Mellombelse vegar skal fjernast

Det er planlagt at arbeidet skal vera avslutta og stå klart den 14. oktober 2016, og så vil det vera ein del etterarbeid.

– Mellombelse vegar skal fjernast, spesielt dei som er heilt oppe. Desse ligg på duk. Der skal me henta massen att slik at det blir minst mogleg synleg i naturen. I tillegg skal me så slik at der minst mogleg sår, fortel Steinheim.

Han opplyser også om at dei no har stengt oppe ved anleggsriggen medan det pågår sprenging og ber folk om ikkje å parkere her. 

Til toppen