UNGARSKE RYTTERBUER: Terje Floberg, reiser til Ungarn kvart år og kjøper rytterbuer frå buemakarar. Det er hans sjuande år i Gudvangen.
UNGARSKE RYTTERBUER: Terje Floberg, reiser til Ungarn kvart år og kjøper rytterbuer frå buemakarar. Det er hans sjuande år i Gudvangen. (Foto: Sunniva Knutsen)

I Gudvangen kan ein dykka 1000 år tilbake i tid: bli med inn i Viking Valley

Vikingar og turistar kjem langvegs frå for å vera med på Gudvangen vikingmarknad.

Aurland: Denne veka var det duka for Gudvangen Vikingmarknad 2018 på. Vel 500 vikingar møtte, der nokre av dei hadde med seg varer av alle slag som dei selde. 

Sjå bileta i botn av saka. 

Klemt mellom fjell og fjord finn ein vikingbyen Njardarheimr, som vart til verkelegheit og opna dørene 31. mai i fjor. Sidan då har dei allereie sett seg naudde til å utvida byen. 

– Det har vore ein suksess. Det har vore heilt uverkeleg, seier Frode Aas Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, og legg ikkje skjul på at dette er stas. 

Frå idé til verkelegheit

Det er mange turistar som strømmer til vikingbyen mellom Flåm og Gudvangen sentrum. Då Porten.no kjem til staden, sitt Tufte sjølv og styrar turistane til rett stad å parkera bilen. 

Inne i byen er det over 500 lokale og tilreisande vikingar som har møtt til marknaden. Tufte fortel at vegen hit har vore lang. Det har vore ein idé sidan 1993, og fleire har prøvd og feila før byen vart til verkelegheit. 

EKTE HANDVERK: Bygningane i Viking Valley, er bygd med dei same teknikkane som vart brukt for 1000 år sidan. Foto: Sunniva Knutsen

Gudvangen Utvikling med Tufte i spissen klarte å slå igjennom: 

– I 2015 hadde me fått tomta, og lagt planane klare. I august 2016 byrja med utbygginga, og mai 2017 opna me, seier Tufte. 

No driv dei utbygging av området, då dei satsar på å halde ope året rundt. 

Ein by av ekte handverk

Vikingbyen bærer klare preg frå vikingtida. Dette er ikkje tilfeldig, ifølgje Tufte. 

Alle bygningane er nemleg bygd med dei teknikkane som vart brukt under vikingtida for over 1000 år sidan. 

GJENNOMFØRT: Vikingbyen i Gudvangen er ein eigen litan landsby, der alt er bygd for å gje eit realistisk bilete på vikingtida. Foto: Sunniva Knutsen

– Dette er ekte handtverk. Noko som har vore veldig viktig for oss, seier han. 

Han legg vekt på at dette skal vera ein by der ein kan læra om historie og handverk igjennom ein interaktiv oppleving. 

Vikingbyen vil etter kvart starte samarbeid med skular og elevar, ifølgje Tufte. 

– Det blir noko heilt anna når ein for oppleve det. Ein sit ikkje i salen og ser på, her inne er ein på scena og får oppleva historien med eigne auge, seier Tufte. 

Eit tett miljø

Inne på marknadsplassen er det mange boder, der besøkjande kan få sjå og kjøpa med seg periodemessig handverk. 

Vikingane har kome frå heile landet, og nokre til og med fra Tyskland, Nederland og Polen for å vera med på marknaden i Gudvangen, år etter år. 

Porten.no snakka med nokre av dei. 

Kvardagshuldra

Anne Mette Kristiansen frå Askøy er komen til Gudvangen for fjerde året på rad. Med seg har ho hunden Bamse, som har vore viking i tre år. 

REISER LANDET RUNDT: Kvardagshuldra Anne Mette Kristiansen lagar salvar med naturlige ingrediensar. I sommarsesongen reiser ho rundt i Noreg på viking marknad å sel produkta sine. Foto: Sunniva Knutsen

På bordet framfor seg har ho med seg heimelaga salvar, tørka te og rosenrot-tinkter. 

Sjølv reiser ho på tre vikingmarknader i Noreg; Bjørgvin marknaden i Bergen, Herdla marknaden på Askøy og sjølvsagt Gudvangen. 

– Det er heilt fantastisk her på Gudvangen. Det finnast ikkje ein betre plass å ha viking marknad, seier ho. 

Matriarkane frå Bygdøy

Hilde Herland og Heide Tokle Povrud frå Valhalla Vikinglag, har kome frå Bygdøy for å delta på marknaden på Gudvangen. 

Povrud er ein av tre kvinnelege høvdingar i vikinglaget. 

MATRIARKAR: Hilde Herland og høvding Heidi Tokle Povrud frå det matriarkiske vikinglaget Valhalla på Bygdøy. Foto: Sunniva Knutsen

Dei har stort fokus på å fremja kvinnehistoria frå vikingtida. Povrud fortel at vikingkvinner var sterke, og hadde ofte ein høg stilling som soldat. 

– Kvinner opp og fram! seier dei. 

Det er Herland sitt andre år på Gudvangen vikingmarknad. Ho skryt av den flotte naturen:

– Det er så behageleg å vera her, og det er utruleg hyggjeleg. Me er eitt tettknytta miljø.

– Eg sat nett å prata med ei av venninnene mine som eg traff på ein marknad i fjor. Me har ikkje sett kvarandre sida den gong. 

Bogeseljaren

Terje Floberg frå austlandet, er med på Gudvangen vikingmarknad for sjuande året på rad. 

Med seg har han ungarske rytterboger og tilhøyrande piler, samt eit langt bord med handlaga smykker. 

UNGARSKE RYTTERBUER: Terje Floberg, reiser til Ungarn kvart år og kjøper rytterbuer frå buemakarar. Det er hans sjuande år i Gudvangen. Foto: Sunniva Knutsen

Han fortel at han reiser på vikingmarknader rundt i Skandinavia som ein sesongjobb. Før sesongen reiser han til Ungarn, der han møter med bogemakarar.

– Det er noko eige ved å vera i Gudvangen. Naturen er heilt spesiell, me er jo så heldige at me har verdas flottaste Nærøyfjorden rett attmed oss, seier Floberg. 

EKTE HANDVERK: Bygningane i Viking Valley, er bygd med dei same teknikkane som vart brukt for 1000 år sidan. (Foto:  Sunniva Knutsen)
HAR JOBBA HARDT FOR VIKINGBYEN: Frode Aas Tufte, dagleg leiar i Gudvangen Utvikling, og Georg Olav Hansen høvding i Njardar Vikinglag har jobba lenge for å realisera Vikingbyen. (Foto:  Sunniva Knutsen)
PÅ TUR MED TYRA: I vikingbyen kan ein få vera med på tur i vikingskipet Tyra. (Foto:  Sunniva Knutsen)
HEIMELAGA: Det var mykje handverk av ulike slag å sjå i vikingbyen. Alt frå lamper av fiskeskinn til heimelaga helsebrygg. (Foto:  Sunniva Knutsen)
FRÅ NATUREN: Dyrehammar av rev og ulv og bukkehorn var å sjå over store delar av marknaden. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto:  Sunniva Knutsen)
VIKINGAR I FLEIRE SLAG: Det var mykje variasjon i bodene til vikingane. Nokre selde instrument, medan andre selde knivar og bil og boge. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto:  Sunniva Knutsen)
TETT PÅ: Det var omlag 500 vikingar på marknaden. (Foto:  Sunniva Knutsen)
VIKINGAR I FLEIRE SLAG: Det var mykje variasjon i bodene til vikingane. Nokre selde instrument, medan andre selde knivar og bil og boge. (Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto:  Sunniva Knutsen)
(Foto: Sunniva Knutsen)
REISER LANDET RUNDT: Kvardagshuldra Anne Mette Kristiansen lagar salvar med naturlige ingrediensar. I sommarsesongen reiser ho rundt i Noreg på viking marknad å sel produkta sine. (Foto: Sunniva Knutsen)
UNGARSKE RYTTERBUER: Terje Floberg, reiser til Ungarn kvart år og kjøper rytterbuer frå buemakarar. Det er hans sjuande år i Gudvangen. (Foto:  Sunniva Knutsen)
MATRIARKAR: Hilde Herland og høvding Heidi Tokle Povrud frå det matriarkiske vikinglaget Valhalla på Bygdøy. (Foto:  Sunniva Knutsen)
GJENNOMFØRT: Vikingbyen i Gudvangen er ein eigen litan landsby, der alt er bygd for å gje eit realistisk bilete på vikingtida. (Foto:  Sunniva Knutsen)
Til toppen