SATSAR: Gulen kommune har satsa på å heve kompetansen til alle sjukepleiarane i kommunen innan eit fagfelt som er viktig for tenestene kommunen yter.
SATSAR: Gulen kommune har satsa på å heve kompetansen til alle sjukepleiarane i kommunen innan eit fagfelt som er viktig for tenestene kommunen yter. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

I Gulen har nesten alle sjukepleiarane teke etterutdanning

17 av 18 sjukepleiarar i Gulen kommune har så langt teke etterutdanning innan akuttmedisin for eldre. Det meiner dei gjer dei betre rusta til å ta mot medisinsk krevjande pasientar.

Gulen: I løpet av dei to siste åra har nesten alle sjukepleiarane i Gulen kommune takka ja til å ta ei videreutdanning i akuttmedisin for eldre ved Verdighetssenteret i Bergen, skriv Fagbladet.

– Me har blitt tryggare. Det gjer det enklare å seie ja til å ta mot pasientar som treng avansert behandling, seier einingsleiar på Gulen Sjukeheim, Nina Haveland til Fagbladet.

Det er ikkje berre sjukepleiarane ved sjukeheimen som har teke etterutdanninga, men også dei som jobbar i open omsorg i kommunen. 

– Hatt stor nytte

Dei som har teke etterutdanninga har vore med på to samlingar med teori og praksis på Verdighetssenteret. Haveland seier at både ho og kollegaene har hatt stor nytte av utdanninga. 

Einingsleiaren trur utdanninga kan ha vore avgjerande for at pasientar har sloppe å reise på sjukehus i nokre tilfelle. Men kommunen har også strekt seg langt tidlegare for at pasientar skal få det dei treng på sjukeheimen eller heime, på grunn av lang avstand til sjukehuset i Bergen og legevakta i Knarvik. 

Satsar på kompetanseheving

Fagdirektør for omsorg i Gulen, Ingebjørg Søreide, seier til Porten.no at kommunen har satsa på å heve kompetansen til sjukepleiarane som eit felles løft for alle. 

– Me ønskjer at alle skal få ei felles utdanning og ein felles ståstad ved å auke kompetansen hos heile faggruppa, seier ho. 

Utdanninga er prioritert i kompetanseplanen, som er politisk vedteken. Der prioriterer kommunen fagfelt den ønskjer kompetanse i ut frå tenestene den tilbyr. 

– Har vore veldig positivt

Søreide seier at det har vore veldig positivt for kommunen og dei tilsette at så mange har teke utdanninga. 

– Målet er at alle skal få dette tilbodet og me ønskjer at alle skal ta det. Det er positivt for arbeidsmiljøet og heile arbeidsplassen at mange får eit felles løft og har same type erfaring, seier fagdirektøren. 

Kommunen dekkjer heile utdanninga for dei som ønskjer å ta den, og har søkt fylket om kompetansemidlar til dette. 

Å gjennomføre løftet krev litt planlegging då ein må inn med vikarar for dei som vert vekke, men dette har vore organisert av arbeidsplassane sjølve. 

– Det er verdt investeringa, og me er veldig nøgde med å ha fått dette til, seier Søreide. 

Til toppen