PLAN FOR BARN: Kreftkoordinator Linda Mannes (nr. to f.v.) og helsesøstrene May Sigrun Winjum, Sari Kumpula og Anne Berit Lerum frå høvesvis Aurland, Lærdal og Årdal har laga ein plan for å sikre at barn vert ivaretekne når nære omsorgspersonar vert sjuke eller døyr. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
PLAN FOR BARN: Kreftkoordinator Linda Mannes (nr. to f.v.) og helsesøstrene May Sigrun Winjum, Sari Kumpula og Anne Berit Lerum frå høvesvis Aurland, Lærdal og Årdal har laga ein plan for å sikre at barn vert ivaretekne når nære omsorgspersonar vert sjuke eller døyr. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

I handa held dei ein plan for barn som pårørande​

– Det er viktig at faglege tiltak kjem inn i biletet og kan støtte. 

Lærdal: Barn som opplever at nær familie vert alvorleg sjuke eller døyr, har fått eit tilbod. I eit samarbeid mellom helsetenestene i Årdal, Lærdal og Aurland og kreftkoordinator Linda Mannes, har dei laga ein plan for korleis barn skal takast vare på i ei vanskeleg tid.

Det betyr at kommunane har eit hjelpeapparat som sikrar at barn under 18 vert ivaretekne når søsken, foreldre eller andre nære omsorgspersonar vert alvorleg sjuke, har rusvanskar, er i ulykke eller døyr.

– Det handlar om å tenkja førebyggjande. Når til dømes foreldre vert alvorleg sjuke eller døyr, er det ei ekstra belastning for barn. Dei har gjerne ikkje like gode forsvarsmekanismar for å takle slikt, tek skulda, får søvnvanskar og åtferdsvanskar, forklarar helsesøster i Aurland, May Sigrun Winjum.

Saman med helsesøstrene i Lærdal og Årdal, høvesvis Sari Kumpula og Anne Berit Lerum, har dei jobba fram ein plan som er presentert og forankra i dei ulike kommunane tidlegare i haust.

– Måtte gjera noko med det

I januar 2010 kom ei lov om at alle helseinstitusjonar i spesialisthelsetenesta skal sikre at barn som pårørande vert ivareteke. For kommunane var det ikkje eit krav.

– Men me fann ut at me måtte gjere noko med det. Etter at me kom tilbake frå ein fagdag i Helse Bergen tok det ikkje lang tid før me starta på arbeidet. I september kalla me inn alle kommunane og informerte, fortel Linda Mannes.

På møtet deltok alle frå områda helse og omsorg til tilsette innanfor skule og oppvekst. 

– Her fekk me kommunane til å opprette overordna grupper som passar på at alle veit om planen slik at han ikkje berre blir liggande der. Det er viktig at rektorar og tenesteleiarar informerer sine tilsette. Dei skal vite det dersom ein unge har behov for oppfølgjing. No er det ei gruppe som kan ivareta den ungen, held Mannes fram.

Koordinerer hjelpa

Tanken er at dersom eit barn har til dømes ei mor eller ein far som er alvorleg sjuk, så er dette eit lågterskeltilbod som familiane kan nytte til å be om hjelp. Folk er ulike, difor vil det vere veldig individuelt korleis hjelpa blir.

Men ingenting vert gjort utan at foreldra samtykker, då dette område med streng teieplikt.

– Sidan helsesøstrene jobbar med barn og unge kvar dag, er det naturleg at dei er med i biletet. I eit møte finn ein då ut kva som er viktig for familien. Går barnet i skule, kan det vere viktig å informere medelevar, men då avklarar ein sjølvsagt med foreldra først, forklarar Mannes.

Hjelper til på mange område

Barn reagerer svært ulikt på ein slik situasjon. Winjum fortel at medan nokre vert inneslutta og stille, kan andre bli sinte. Det kan igjen få konsekvensar for venekrinsen, som kanskje stengjer ute vedkommande fordi han eller ho er sint.

– Venene veit ikkje kvifor vedkomande er sint, og då kan me bidra med å fortelje kvifor situasjonen er som han er, om det å vere lei seg og korleis ein reagerer når ein er trist, og på den måten få dei andre til å forstå. 

Viktig med informasjon

I liknande situasjonar kan det også vere at foreldra har nok med seg sjølve. 

– Kva skjer dersom ungane ikkje får slik oppføgjing?

– Ofte er det slik at dei tenkjer at personen er meir alvorleg sjuk enn han eigentleg er fordi barnet får ikkje informasjon. Dei skapar seg bilete i hovudet og tenkjer kanskje at dersom dei gjer alt dei kan for ikkje å vere til bry, så vil det gjere mamma eller pappa friskare, seier Mannes. 

– Kreftsjukdom er noko som råkar vaksne over mange år. Då kan det utgjere ein stor prosent av eit barn sitt liv. Difor er det viktig at faglege tiltak kjem inn i biletet og kan støtte, meiner Winjum. 

Til toppen