Sogndal: Det er Studentspretten i Sogndal som har søkt og fått i oppgåve å arrangere Studentleker komande haust.
– Dette er det største som skjer innan norsk studentidrett det semesteret, seier Adrian Stinessen Haugen, som er marknadsansvarleg for Studentlekene.
Sjølv om fristen var gått ut søkte Studentspretten om å få arrangere konkurransen likevel. Noregs Studentidrettsforbund sa ja, og dermed vert Sogndal verdas einaste Studentleker-bygd.
– Det er tre andre plassar som har arrangerte leikene, og det er Bergen, Trondheim og Tromsø. Me blir den første bygda som arrangerer. I tillegg vert dette eit slags jubileum for oss. Me ser føre oss at det kjem 1000 studentar hit, så det blir skummelt, ler han.

Ideell plass
Studentlekene er ei samling av nasjonale meisterskap i minimum åtte ulike idrettar, der fem av desse fungerer som direkte kvalifisering til student-EM året etter. Dette gjer sitt til at det fremste Studentidrett-Noreg har å by på kjem til Sogndal desse dagane.
– Trass storleiken, og kanskje på grunn av den, er Sogndal ei ideell bygd å arrangere slike leiker fordi me kan arrangere dei ulike idrettane berre eit steinkast frå kvarandre.
Viktig tilbod for studentane
Studentspretten i Sogndal er ein viktig organisasjon i liva til studentane. Dei tilbyr aktivitet innanfor over ti ulike idrettar, som fotball og volleyball til badminton og amerikansk fotball.
– Me er ein organisasjon som forsøker å gå i null. Målet er å skape aktivitet og ei sosial ramme for studentane. Det er få ting som er betre for ein student som er heilt ny i ei bygd, å kunne reise på fotballtrening og bli kjend med 20 andre i same situasjon, seier Haugen.
Å halde studentar i aktivitet er helseforebyggjande, både reint fysisk, men også psykisk. I dag er dei åtte personar som førebur inntoget av studentar til hausten.
– Så me treng gjerne litt fleire, smiler Haugen.