Sogndal: For nokre månader sidan spelte ho i andredivisjon for Kaupanger. Sidan har ho debutert for både J19-landslaget og Sandviken i Toppserien, alt på under tre veker.
Og om litt reiser Marte Bjelde Hjelmhaug til Polen for å kjempe om kvalifisering til EM.
– Det er litt uverkeleg at alt skjer så fort. Men eg synst det har gått ganske fint, seier ho.
Les også: – Med vårt beste lag er me klart sterkast i divisjonen

Kjapp debut
Sjølv om ho tidlegare har hospitert hos bergensklubben kom overgangen heilt uventa.
– Ingenting var planlagt før sommaren, så kom Sandviken på bana. Det vart bestemt på to-tre veker, seier Bjelde Hjelmhaug.
Toppseriedebuten kom allereie i helga, då ho vart bytta innpå halvtimen før slutt i 0-0 kampen mot tabellnabo Røa.
– Eg synst det er utruleg stort å få debutere så tidleg etter overgangen. Det gir meg mykje motivasjon, seier ho.
Les også: Den gode haustsesongen held fram for Kaupanger
Det er venstrebacken ho satsar på å erobre, men i debuten vart ho kasta inn på kanten. Der fekk ho merke at nivået er nokre hakk opp frå det ho er vant med, ikkje minst intensiteten og tempoet.
– Eg var utruleg spent før eg skulle innpå. Men det var ei god oppleving og eg følte eg kom godt ifrå det. Det var spesielt kjekt å få debuten i ein jamn og viktig kamp, seier ho.
Fin utviklingsarena
I midten av august debuterte ho på J19-landslaget i ein privatlandskamp mellom Norge og Sverige. No er ho teken ut til EM-kvalik i Polen frå 12. til 21. september.
– Eg synst det var heilt fantastisk å få sjansen. At eg blir tatt ut igjen viser at eg har levert det eg bør, seier ho.
17-åringen har oppnådd mange milepælar på kort tid. No er målet å spela seg til seg fast plass på J19-landslaget, og gjere det same i Toppserien innan eitt til to år.
Den raske framgangen bør samstundes vere eit bevis for tidlegare lagveninner på Kaupanger om at det er mogleg å ta steget.
– Sogn og Fjordane har produsert masse landslagsspelarar og eg er ein av dei. Eg har hatt Elise Thorsnes å sjå opp til. Viss eg kan inspirere andre, så er det berre kjekt, seier ho.