Tyin: Festivalen går av stabelen komande helg, der det blir kino ut i frisk luft fredag og laurdag. I fjor var over tusen personar innom utekinoen.
– «Dyra i Hakkebakkeskogen» er kanskje høgdepunktet for ungane, mens den heilnorske skifilmen «Supervention II» verkeleg vert synt fram i sitt rette element, fortel ansvarleg for festivalen, Magne Grihamar i Tyin Filefjell Utvikling.
Sjølve festivalen går føre seg i eit snøamfi i botnen av skiheisen, der dei byggjer om delar av barneområdet til ein stor utandørs-kino.
Artikkelen held fram under biletet.

Mange aktivitetar
Også science fiction-filmen «Passengers» og animasjonsfilmen «Syng» står på plakaten, men det gjer også fleire andre aktivitetar i tillegg til kino.
– Det vert både skredkurs og toppturar under festivalen. Vi satsar på ei aktiv helg med mykje folk på Tyin-Filefjell.
Det er også kveldskøyring i bakken til klokka åtte både fredag og laurdag og utvida opningstid i Varmestøga.
Ventar gode forhold i bakken
– Etter filmframsyninga på laurdag vert det livemusikk med årdalsbandet HIT DUO og servering her, fortel Grihamar.
Løypetraseane på Tyin-Filefjell har onsdag morgen fått eit påfyll av snø og mot helga vert det skikkeleg godt vintervêr att.
– Det er mange grunnar til å ta turen til fjells denne helga og vi gler oss til å sjå på hyttefolk, turistar og bygdefolk til festival, avsluttar Grihamar.