IDRETT: I helga vert det arrangert Vangane opp for Barnas Turlag og folk som er glad i friluft i Lærdal. Foto: Arkiv. 
IDRETT: I helga vert det arrangert Vangane opp for Barnas Turlag og folk som er glad i friluft i Lærdal. Foto: Arkiv. 

I helga er det Vangane Opp

Friidrettsgruppa i Lærdal arrangerer søndag Vangane opp for Barnas Turlag og folk ellers som ønskjer seg ein mini-topptur opp Øvre Vangen. 

Lærdal: Kombinasjonsarrangementet Vangane Opp blir arrangert av friidrettsgruppa og Barnas Turlag. 

– Det er eit sikkert vårteikn at sesongen for toppturar er i gong, seier Bjørghild Holien frå friidrettsgruppa. 

Les også: Klar, ferdig, motbakkeløp for unge

Raske born

Borna startar å gå i forkant, medan dei som vil springe på tid, melder seg på seinare. I fjor var det totalt 150 personar som deltok. 

– Det er eit tilbod for dei som berre vil ta turen og dei som vil springe fort. I tillegg til idretten, er det ein veldig sosial tur. Barnas Turlag grillar også pølser på toppen og alle ungane får t-skjorte. Det pleier å vere veldig kjekt, seier Holien. 

Løpet er til for både dei som vil springe med tid, men også for at borna skal ha sitt eige motbakkeløp. 

– Dei fleste borna springe ikkje på tid, men dei er svært raske. Nokre spring opp på berre fire minuttar. Det er stas å springe opp med nummer, seier Holien. 

Sjuande året 

– Løpet har ein litt uhøgtidleg stil over seg. Det er moglegheit for alle å delta. Me har ein gjesteklasse der dei vaksne kan melde seg på, men så langt, er det ingen som har gjort det. Ingen tørr å stilla opp mot ungane, seier Holien. 

I år er det sjuande gongen Vangane Opp vert arrangert. 

– Det er kjekt å vere med å arrangere. Løpet er overkommeleg for alle, men bratt. Ein får mykje flott utsikt på kort tid. Om ein verkeleg gir gass, kan det vere ganske brutalt å springe opp, seier Holien. 

Dei siste åra har det kome folk frå Valdres og dei andre nabokommunane i Sogn som Årdal og Sogndal. 

– Alle er hjarteleg velkommen, avsluttar Holien. 

Lærdalsløpet vert arrangert 25. april, så følgjer Storehaugen opp 14. mai. Den 15. oktober er det Galdane Rundt. 

Til toppen