FEIRING: I helga skal Sogn jord- og hagebrukskule markere at det er 100 år sidan skulen tok imot dei første elevane.
FEIRING: I helga skal Sogn jord- og hagebrukskule markere at det er 100 år sidan skulen tok imot dei første elevane. (Foto: Spira Svendsen)

I helga feirar økoskulen at han er 100 år gamal

Allereie torsdag starta den store feiringa av at Sogn jord- og hagebrukskule opna for 100 år sidan.

Aurland: Skulen, som er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet, fyller 100 år med fullspekka program heile helga. Samstundes skal det også feirast at det er gjort utbetringar og utbygging for 30 millionar kroner. 

– Utbygginga har vore eit spleiselag mellom stat, fylkekommune og kommune, sidan skulen har status nasjonalt med landsline for økologisk landbruk, seier informajsonsansvarleg Spira Svendsen.

Ho fortel vidare at til feiringa kjem det gjester frå heile landet og frå mange ulike bedrifter og organisasjonar.  

– SJH er ein viktig leverandør av kompetanse til det grøne skiftet, og har nyleg fått tildelt EU-midlar til eit toårig prosjekt om økologisk entreprenørskap. Skulen har eit sterkt fagmiljø innan husdyr, frukt, grønsaker, jordfruktbarheit, Inn På Tunet og foredling – sistnemnde spesielt som nasjonalt kompetansesenter for foredling av rå mjølk.

Festmiddagen er utseld

Programmet spenner frå fortid, via notid til framtid. I går var det vandring i jubileumshagen og lansering av jubileumsskrift. Det var også opning av ei utstilling og kulturkveld om skulens grunnleggjar Jens Lunde.

Fredag blir det markering og festmiddag. Hit kjem mellom anna bondelagskokken Nils-Henning Nesje for å laga middag beståande stort sett av ureist mat frå skulegarden.

– Dei 250 billettane til festmiddagen er utseld. Under den offisielle seremonien midt på dagen skal mellom anna ordførar, fylkesordførar og professor Dag Jørund Lønning (HLB) tale. På ettermiddagen vert det open økologisk gard med masse aktivitetar for store og små. Kveldens festmiddag finn stad i eit praktfullt lavvotelt med scene og dansegolv, fortel Svendsen.

Føredrag

Laurdag står «Økologisk entreprenørskap – ein framtidsverkstad om nye grøne alliansar» på programmet. Solveig Svardal frå Telemarksforsking leiar dagen, kor ein rekkje inspirerande foredragshaldarar stiller.

– Mellom anna kjem Liv-Elin Olsen (Den Gyldne Omvei), Aksel Nærstad (Utviklingsfondet) og Per Olaf Lundteigen (Sp). Gode gruppeleiarar og bordvertar til gruppeverkstadane kjem og – som Elisabeth Veivåg Helseth (Distriktssenteret), Jostein Hertwig (BERAS), Siri Helle (Dag og Tid) og Morten Clemetsen (NMBU).

Til toppen