JUBILEUMSÅR: For tiande gong vert Heggmyri Rett Ned arrangert i Sogn skisenter på Hafslo. Foto: Håvard Nesbø. 
JUBILEUMSÅR: For tiande gong vert Heggmyri Rett Ned arrangert i Sogn skisenter på Hafslo. Foto: Håvard Nesbø. 

I helga går det rett ned i Heggmyri

Arrangøren håpar på mange påmelde i det som blir jubileumsåret for Heggmyri Rett Ned i Sogn skisenter. 

Hafslo: Rennet er klassifisert som eit fjelltelemarkrenn og står oppført på terminlista til skikrinsen. Med andre ord er det alvor.

– Så det er ein konkurranse, men det skal vera moro òg, seier Runar Tørvi ved Sogn skisenter.

Opp gjennom åra har løypa variert noko frå toppen av Heggmyrane og ned. I år vert det ikkje laussnø, men ned Sætrebakkløypa, eller den raude løypa, fortel han.

– Dette er det 10. året me arrangerer, og me har stort sett vore den same gjengen som er med med litt nye etter kvart. Det er eit lokalt renn som tiltrekk seg flest lokale løparar, men me kunne godt tenkje oss at fleire tok turen, for me har fine premiar, legg han til. 

Det er det ingen tvil om, og ein treng ikkje å vera raskast ned bakken for å vinne dei heller. Her snakkar me premiar som nye ski og sesongkort. 

– Dette er premiar som blir trekt på alle. Dessutan for alle som kjem i mål ein premie. 

Rennet er først og fremst inndelt i alpin og telemark, der dei som står på telemark må gjennom ei litt anna rute. Elles er det deltakarar i alle klassar frå barn til godt vaksne. 

Førebuingane er allereie godt i gang. Det er dugnadsgjengen frå Luster Telemark, Hafslo Alpint og Sogn skisenter som no er i full sving.

– Me er heilt avhengige av dugnad for å få dette til. Me er ein liten gjeng som planlegg og fordeler arbeidet, men må renndagen er me heilt avhengig av at folk møter opp og bidreg til at me kan gjennomføra. 

Tørvi trur ikkje vêret skal bli eit problem med helga heller.

– Nei, det er klart det set ein liten dempar på det viss det er dårleg vêr, men rennet kjem til å gå uansett. Det er masse snø på Heggmyrane.

Til toppen