LÆRDALSHELG: Kunstnaren Erik Pirolt har tre arrangement i Lærdal nest siste helga i april. Privat foto
LÆRDALSHELG: Kunstnaren Erik Pirolt har tre arrangement i Lærdal nest siste helga i april. Privat foto

I helga kan du møta denne kunstnaren og filmskaparen i Lærdal 

Erik Pirolt skal inspirera lærdølene med sitt arbeid, som gjerne viskar ut grensene mellom kunst og arkitektur.

Lærdal: – Grunnen til at me har vald ut akkurat Erik er arbeidet han har gjort før. Arbeidet gjer at grenseovergangen mellom kunst og arkitektoniske ting – og fartøy – blir flytande. Dette tykkjer me er spennande og passar godt på Gamleøyri der me har mykje arkitektur – så skal det i dette prosjektet skapast noko som ikkje har vore vore der før.

Det seier Tone Boska, prosjektleiar for «levande lokaler» – eit prosjekt som først og fremst skal skapa meir liv på Gamle Lærdalsøyri.

Kunstnarsamtale og argentinsk aften

Erik Pirolt er ein allsidig kunstnar som jobbar i Kristiansand, og skapar mellom anna biletekunst, skulptur og installasjonar. «Lærdalsturneen» startar på Lærdalsøren hotell fredag kveld klokka 19 der han skal ha ein samtale med Kjell Erik Ruud, kurator og leiar for eitt av delprosjekta innunder levande lokale-prosjektet – «Ny bruk av kulturbygg».

Les også: Skal skapa produkt som er «Typisk Lærdal»

– Ruud og eg vil sitja og ha ein samtale og bli betre kjend med lærdølene. Dette er ein open samtale, litt som om Skavlan skulle sitja og snakka med eit offer som utleverer seg – altså meg. 

På Lærdalsøren hotell er det dessutan Argentinsk aften med musikk av Nina Bendiksen etter samtalen mellom Pirolt og Ruud.

– Argentinsk aften høyrest utruleg gøy ut, seier Pirolt.

Syner filmen «En drøm til havs» etterfulgd av kunstutstilling

Pirolt har også vore regissør for filmen «En drøm til havs» – ein dokumentar om den eventyrlege reisa tre gutar tek på eit fartøy laga av skrapgods frå Kristiansand til ei skulpturutstilling i Münster i Tyskland. Filmen skildrar kunstnerisk fridom, skaparglede og kva som skjer når ein draum tek steget ut av hjernen og inn i verda.

Filmen blir synt på Lærdal kulturhus laurdag klokka 1830, og Pirolt er altså til stades. I etterkant, klokka 20, held han utstilling på Galleri 13 på Gamle Lærdalsøyri.

– Den utstillinga er i direkte kontakt med filmvisinga – det er fysiske ting frå filmen som blir utstilt. Ved å sjå filmen først får ein nok eit anna perspektiv på utstillinga, seier Pirolt.

– Poenget er at me inspirerer kvarandre

For knappe to månader sidan vitja kunstnarane Arne og Carlos Lærdal – då i samband med delprosjektet «Typisk Lærdal».

Les også: Designarane Arne og Carlos held føredrag om gamle mønster og teknikkar

På same vis er helga med Pirolt eit arrangement som skal gje inspirasjon til delprosjektet «Ny bruk av kulturbygg»

– Poenget er at me inspirerer kvarandre, rett og slett, seier kunstnaren.

– Han er handplukka til dette, med velsigning frå kurator og KORO («Kunst i offentlige rom», journ. anm.), seier prosjektleiar Boska

Prosjektet «Levande lokaler» har fått stønad frå KORO, som stør prosjekt med siktemål å skapa levande sentrum rundt om i Noreg.

– Litt av grunnen til at det var interessant å vitja Lærda var openheita som låg i korta. Eg var i Lærdal for eit par månader og fekk ei slik kjensle. For eg likar tanken på at framtida er uføreseieleg, og det er det rom for her.

Til toppen