MANGE PÅ BESØK: Over 180 skyttarar kjem til Lærdal denne helga når Tønjum skyttarlag arrangerer samlagsstemne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MANGE PÅ BESØK: Over 180 skyttarar kjem til Lærdal denne helga når Tønjum skyttarlag arrangerer samlagsstemne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I helga kjem 180 skyttarar til Lærdal

Skyttarar frå heile indre Sogn har stilt inn siktet og er klare for å samlagsstemne i Lærdal denne helga.

Lærdal: Allereie torsdag kveld stiller dei første skyttarane seg opp på standplass i det nye skytehuset i Lærdal.

Eigentleg skulle samlagsstemnet arangerast på Leikanger, men sidan dei er i full sving med å byggja nytt skyttarhus her, er det Tønjum skyttarlag som har regien denne helga.

– Me har hatt førehandspåmelding, og det siste talet eg såg i går kveld var litt over 180 påmelde, seier leiar i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal, og legg til at det er ledige plassar for dei som ikkje allereie er påmeld.

God rekruttering viser att på tal deltakarar

Også i januar var det mange skyttarar innom Lærdal. Då var det over 200 som deltok på 4x15-stemne. 

– Det er veldig bra med så mange påmelde. Også i fjor var det tilsvarande tal, så det har tatt seg opp dei siste åra, og det skuldast nok god rekruttering i samlaget for tida, forklarar Offerdal. 

Leiaren i skyttarlaget tykkjer det er ekstra stas å invitere til skytefest i Lærdal no som det nye skytehuset står klart, noko det har godt i godt over seks månader. 

– Primært er dette eit treningsanlegg for oss, men det huset har gjort at interessen for skyting har vore over all forventning. Det er stemna ein trenar for, og alle må ta sin dugnadsdel og arrangere. Alt er dugnadsbasert innanfor skytesporten i indre Sogn, så alle må ta tak.

Ein spesiell sesong

Akkurat i år er det nok noko endå viktigare enn stemna å trene til. I sommar er det nemleg Landsskyttarstemne på «heimebane» i Førde. Samlaget i indre Sogn har starta eit prosjekt, der dei prøver å mobilisere så mange som råd til å delta.

– Då håpar me spesielt nokre av dei nye blir med denne helga, seier Offerdal.

Skyttarane held seg førebels inne, men i april markerer dei startskotet på utesesongen med Vårspretten. 

Til toppen