STORØVING: For sjette år på rad skal Norge Redningshunder ha sitt hovudkurs i Tyin-området. I ei heil veke skal ulike beredskapsaktørar øve. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
STORØVING: For sjette år på rad skal Norge Redningshunder ha sitt hovudkurs i Tyin-området. I ei heil veke skal ulike beredskapsaktørar øve. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

I helga samlast dei for å øve i fjellet​

For sjette år på rad skal Norge Redningshunder ha sitt hovudkurs i Tyin-området. I ei heil veke skal ulike beredskapsaktørar øve.

Tyin: Øvingsveka startar laurdag 11. mars og pågår heilt fram til 19. mars. Norske Redningshunder har då 50 hundeekvipasjar i området denne veka.

– Dette er både trenings- og godkjenningslag. I tillegg er det eit eige kurs for godkjende ekvipasjar som skal ha «Førsteinnsats i skred» som tema med trening under mest mogleg realistiske forhold, seier kursleiar Knut Skår i ei pressemelding.

Dei ulike laga får oppgåver som skal løysast kvar dag heile veka for å vise at dei held eit nivå som gjer at dei vert godkjende på sine respektive trinn fram mot A-godkjenning.

– For A-laga er det testing av ulike moment som skal føre fram til godkjenning som lavinehund, noko som er eit symbol på at dei er klare til å vere ein ressurs når det verkeleg gjeld, seier Skår.

Breitt samarbeid med mange aktørar

Røde Kors sine hjelpekorps i Valdres og Hemsedal og Hallingdal, Norsk Folkehjelp i Årdal, Tyin Ski, og politiet i Valdres er med på øvingane. Det kjem også luftstøtte frå politihelikopteret, Norsk Luftambulanse og Seaking dersom det er flyvêr og ingen andre oppdrag som må prioriterast.

18. mars vert veka avslutta med ei storøving som vert leia av politiet der dei fleste aktørane som vert utkalla til snøskred stiller.

– Det vert då lagt opp til eit stort skred som er så reelt som mogleg, der alt involvert mannskap får testa seg i det å samarbeide med andre. Her blir det oppgåver med koordinering, organisering, logistikk, samband, transport, overflatesøk, søk med elektroniske hjelpemiddel, sondelag, søk med hund, utgraving og ivaretaking av pasientar med transport til helikopter eller sjukebil. 

– Alt dette er ting som møter oss i ein reel situasjon så slik trening kan vere ein avgjerande suksessfaktor når det står om minuttar. 

Til toppen