VINTERLEGE FORHOLD: Slik såg det ut i skisenteret på Tyin og Filefjell måndag denne veka. Foto: Tyin/Filefjell.
VINTERLEGE FORHOLD: Slik såg det ut i skisenteret på Tyin og Filefjell måndag denne veka. Foto: Tyin/Filefjell.

I helga sesongopnar bakken på Filefjell

Dei som elskar snøen kan gleda seg.

I helga sesongopnar skisenteret på Tyin-Filefjell. Vinterlege forhold med snø på trea gir god vinterstemning inn mot opninga, slik biletet som er teke på måndag syner.

Magne Grihamar, dagleg leiar ved Tyin/Filefjell AS, seier til Porten.no at dei har produsert opp ein god såle i den nedre delen av anlegget.

– Det var folk som var oppe og trente i helga, og då køyrte me snoscooter opp bakken. Dei skraut uhemma av forholda. Dei som har styrt med snøkanonane, seier dei har fått produsert opp meir enn venta, så no fekk me dekka heile nedfarten.

Preppa langrennsløyper

Grihamar fortel at det berre er i heisane det manglar skikkeleg med snø, men at snøkanonane går for fullt.

Ikkje nok med det, dei siste vekene har dei også preppa skiløypene for langrennsentusiastane. 

På Porten.no kan du når som helst sjekka vêrmeldinga på Filefjell ved å klikka HER.

– Det har me gjort dei to siste helgene. Dette er veldig populært, så i helga blir det flotte, tidlege langrennsmoglegheiter, seier han og håpar det blir minst 10 kilometer lange løyper klare til helga.

Gratis for 4. klassingane

I år, som i fjor, held skisenteret fram med gratistilbodet til 4. klassingane i Lærdal, Årdal og Vang. 

– Det byrja me med i fjor og ønskjer å halde fram med. Det blei godt motteke i alle tre kommunane.

Årsaka til gratistilbodet er at dei håpar å sjå fleire unge i bakken.

– Det ser ut til at det var fleire unge i bakkane før enn no, og dette gjer me for å skapa meir engasjement og gi borna skikjensla så tidleg som mogleg. Dessutan ønskjer me å gjera vår del til å bidra til fysisk fostring og få ungane vekk frå iPad og PC, seier Grihamar.

Håpar vegen ikkje blir vinterstengd

Måndag kunne Porten.no fortelja at Olav O. Hæreid AS har inngått ein femårsavtale med Oppedal Drift AS om å brøyta vegen mellom Tyin og Årdal.

Vegen står i fare for å verta vinterstengd som ein del av fleire innsparingstiltak frå Sogn og Fjordane. Han understrekar kor viktig det er at vegen held ope også om vinteren.

– Det er heilt avgjerande for at me skal klare å halde ope sannsynlegvis. Årdal er ved sidan av Lærdal den viktigaste dagsturmarknaden for oss. Det er det me lever av i tillegg til hyttefolket.

– Det kjem ein del også i vekedagane, og frå jul og utover kjem me til å ha ope kvar dag. Det er ikkje sikkert me kan det viss vegen blir stengd. Dette kan gjera at tilbodet i anlegget også blir dårlegare.

Til toppen