REKORDMÅNAD: I juli hadde Tindevegen 14 000 passeringar. Det er ny månadsrekord, fortel Frank Eldegard. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

I juli var det rekordmange som køyrde Tindevegen

Aldri før har Tindevegen hatt så mange passeringar på ein månad som i juli.

Årdal: Den spektakulære ruta frå Turtagrø og over til Øvre Årdal blir stadig meir populær. Som NRK nyleg fortalte, sette vegen ny månadsrekord i juli. 14 000 passeringar hadde vegen hatt då.

– Me har hatt heilt oppi 650 passeringar per dag. Det er heilt enormt, seier Frank Eldegard, som er ein del av styret til Tindevegen.

– Det som er så flott, er at i juli er det turistane som er her. Det betyr at me har lykkast med dei grepa me har gjort, og det er tydeleg at det er folk som marknadsfører for oss.

25 000 passeringar så langt

Med ny månadsrekord i juli var det ved månadsskiftet litt over 25 000 passeringar. Med andre ord er dei på god veg mot rekordsesongen i fjor, der vegen hadde 40 000 passeringar.

– Det ser bra ut, men me veit korleis trafikken fordelar seg. I mai og juni i år var trafikken lågare enn i fjor, men i høgsesongen har han vore betre i år, så får me sjå korleis han fordeler seg utover hausten. Det vil bli eit veldig godt år sjølv om me ikkje set ny rekord, konkluderer Eldegard.

Drypper på alle

Tindevegen er eit av dei viktigaste reiselivsprodukta Årdal har. Med all trafikken over fjellet må det dryppe på næringslivet elles og andre aktørar innan reiselivet.

– Eg har oppfatta det som at det ikkje berre er vegen som har fått ein oppsving. Me får gode tilbakemeldingar frå andre i næringa i Årdal også, seier han og legg til at reiselivsbedriftene er blitt flinkare til å marknadsføre kvarandre. 

Meir trafikk betyr også meir slitasje. Eldegard seier at spesielt strekninga frå Haug til skihytta i Fardalen treng utbetring. Denne delen er kommunal. Difor er dei no i dialog med kommunen for å få det utbetra. 

– Saman med kommunen håpar me at me raskt kan få til noko der. Det er viktig at reisande har ei bra oppleving slik at dei snakkar varmt om oss etterpå.

Til toppen