EKSPLOSJON: Både bustadeigarar og bedrifter står i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla. ​Fabrikksjef for Norsun, Steinar Talle, meiner kraftig nedgang i pris har skulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
EKSPLOSJON: Både bustadeigarar og bedrifter står i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla. ​Fabrikksjef for Norsun, Steinar Talle, meiner kraftig nedgang i pris har skulda. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv)

I kø for å få solkraft

Både bustadeigarar og bedrifter står i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla. 

Årdal: I 2016 blei det installert over 11 MWp solceller i Norge. Det er 366 prosent meir enn i 2015, då det blei installert 2,45 MWp, skriv Nationen.

Næringsbygg står for den største veksten, samtidig har talet på einebustader med solcellepanel på taket tredobla seg det siste året.

Nokre av årsakene til at solkraft har vakse så veldig i det siste, er truleg at Stortinget på tampen av 2015 vedtok at heile straumproduksjonen frå solcelleanlegg har rett på å bli tildelt elsertifikat. Dermed blei mange planlagde investeringar realiserte i 2016. I tillegg har prisane på solcelleanlegg gått kraftig ned.

– Det er veldig flott å sjå den gode utviklinga i Noreg. I Noreg kjem me frå eit veldig lågt nivå og er veldig langt bak til dømes Sverige. Den viktigaste årsaka til den store veksten i installasjon av solcellepanel er nok at prisane på produkta er redusert med 90 prosent sidan 2007, seier Steinar Talle, som er fabrikksjef ved Norsun i Årdal.

Meir konkurransedyktig

Han viser til tal frå Bloomberg som syner at prisen på solenergi kan vera rimelegare enn kol innan det neste tiåret. Sidan 2009 har prisen stupt voldsomt.

– Globalt sett har sol blitt langt meir konkurransedyktig samanlikna med kol, og slik vil det halde fram. Produksjonskostnaden av solcellepanel er redusert med 90 prosent sidan 2007, og då bli prisen deretter. Det blir meir attrakivt, og ein får meir effekt av straumen, seier Talle.

Det er hovudsakleg tre marknadsdelar, der einebustad er marknaden Norsun sel mesteparten av sine wafer til. 

Jobbar med forbetringar

Dei andre marknadene er større industribygg. Til dømes er kjøttprodusentar ivrige etter å redusere varmestrålinga på taka på sine bygg, der dei har kjølelager. Og til slutt har ein solparkar. 

Nøkkelen framover vil vere å halde fram det gode forbetringsarbeidet.

– Me har tatt ned kostnadene våre med 23 prosent berre gjennom prosess- og produksjonsforbetringar, ikkje bemanning. Å jobba med forbetringar og prosessar er noko av det viktigaste me gjer. 

Til toppen