– Publikum kjem til å merke eit par gåsehusaugneblikk frå Marianne. Dei som har høyrd meg syngje, veit kva dei får, seier Odd Nordheim til Porten.no.
Det er ikkje fyrste gong den utflytta årdølen er med på det folkekjære TV-programmet Beat for Beat. Førre gong deltok han saman med kona Frid Brune Nordheim.
– Litt spesielt er det at det ikkje er meg og Frid. Men det skal seiast at Marianne Sveen er ein høveleg erstatning, seier Nordheim.
Kriterium for å vere med
Nordheim innrømmer at den største grunnen til at han vart spurd om å vera med, var nok fordi Sveen insisterte på det.
– Gruppa Katzenjammer vart spurd fleire gonger om å vera med på programmet, men ingen ville vera med om ikkje alle kunne delta. No har Marianne gått solo og då syns ho det var ein fin anledning til å vera med åleine. Men ho hadde eit kriterium, og det var at eg skulle vera med, seier Nordheim.
Årdølen fortel at han er stor fan av Sveen og hennar musikalske utrykk.
– Me har begge eit stort konkurranseinnstinkt, sjølv om det berre er leik og moro, så tek me det begge ganske alvorleg, seier han.
Under innspelinga ville dei vera fyrst og best på alle dei musikalske gåtene.
– Eg følte me gjorde ein god innsats og eg er takksam for at eg vart spurd, seier han om kveldens program.
Starta rockeband
Mange hugsar nok Nordheim som vinnaren av den TV-sendte talentkonkurransen "Med blikket mot stjernene" i 1996. Sidan den gong har han gitt ut to plater, vore med på TV2-programmet The Voice og blitt tobarnspappa.
– Eg syns eigentleg at plateslippa er viktigare enn desse TV-opptrednane. Det å gi ut CD har litt meir substans, seier Nordheim.
Etter å ha fått to born, vart det ikkje lenger like naturleg å reise på turne for musikaren.
– Eg jobbar kontinuerleg med plate nummer tre, men når den kjem ut, tåre eg ikkje sei. Det går litt sakte, seier han.
Akkurat no held Nordheim på med eit rockeband som har fått namnet The Evolver.
– Me er fem godt vaksne menn som lever ut rockedraumen. Saman er med ein nokså breibeint rockeband. Dette er noko me alle har hatt lyst til å fleire år, men som me ikkje har hatt anledning til, forklarar Nordheim.
Vil spela i Årdal
Nordheim har ikkje spelt i rockeband sidan tidleg på 1990-talet, men er no i god gong med å spela inn låter som seinare skal bli eit album.
– Eg er svært ydmyk for at dei andre ville ha meg med til å vere vokal i bandet. Det er godt å ha fleire om skrivepennen når me skal laga nye låter, seier han.
Planen er at bandet skal leggje ut på turne til neste år og spela musikken sin på festivalar sommaren 2017.
– Då skal me klinka til for full hals. Det blir vell ei plata ut av det til slutt. Dei fyrste smakebitane er klare og me har spelt inn tre låter no. Så er me i gang med fire-fem låter til, avsluttar han.
Musikaren har også store planar om å syna fram musikken sin i heimkommunen Årdal om ikkje så altfor lenge.