FIRE KOR: Her syng Årdalskoret under kulturveka i 2016. I kveld er det mogleg å høyre på dei i lag med tre andre kor i Ungdomshuset i Øvre Årdal.
FIRE KOR: Her syng Årdalskoret under kulturveka i 2016. I kveld er det mogleg å høyre på dei i lag med tre andre kor i Ungdomshuset i Øvre Årdal. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

I kveld står fire kor på same scene i Årdal

Årdalskoret arrangerer Syng med oss i Øvre Årdal. Der får du òg å høyra Farnes mannskor, Gospelkoret og VDV med Beatrice.

Årdal: – Dei siste åra har me ikkje hatt høve til å arrangere Syng med oss. No har vi fått tak i nok folk og er det på tide å visa oss fram igjen, fortel leiar i Årdalskoret Eldbjørg Saksvikrønning.

På ungdomshuset i Øvre Årdal er det i kveld mogleg å vera med på ein musikalsk aftan og høyra fire kor, Årdalskoret, Farnes mannskor, Gospelkoret og VDV med Beatrice som skal opptre.

Tradisjon

– Me hadde det som tradisjon kvart år at dei kora i Årdal møttest ein gong i året. Men det har vore litt ustabilt med rekruttering og kora heldt på å dø ut. I tillegg har det vore utfordringar med å få tak i dirigent. No har me fått desse tinga på plass og er me klare til å ha eit stort fellesarrangement.

Det blir nokre nummer på kvart kor. I tillegg til kora blir det allsang med Bert Brons ved pianoet.

– Sist vi hadde Syng med oss passerte vi omtrent hundre, det hadde vore veldig kjekt om me kunna ha klart i år òg.

Til toppen