KNIVAR OM FØRSTEPLASSEN: Torsdag har Sogndal Ap møte for å avgjerda kven av desse to som får vera partiet sin førstekandidat for ordførarrolla. Tv. Jon Håkon Odd og Kjetil Kvåle.
KNIVAR OM FØRSTEPLASSEN: Torsdag har Sogndal Ap møte for å avgjerda kven av desse to som får vera partiet sin førstekandidat for ordførarrolla. Tv. Jon Håkon Odd og Kjetil Kvåle. (Foto: Arkiv)

No er det avgjort, sjå kven som skal stå på førsteplassen for nye Sogndal Ap

Torsdag kveld røysta medlemma i nye Sogndal Arbeiderparti fram Kjetil Kvåle til førsteplassen til ordførarkandidaturet.

Sogndal: Jon Håkon Odd, ordførar i Leikanger, og Kjetil Kvåle frå Sogndal stod på listetoppen for nye Sogndal Arbeiderparti framanfor kommunevalet i haust.

Det skriv Sogn Avis

I starten av møtet vart det telt opp 139 medlem som skal gi si stemma. Fire av seks i nominasjonsnemnda vil ha Odd på topp, medan dei to andre vil ha Kvåle. 

Vinnaren vart Kjetil Kvåle med 79 stemmer. Motstandar Jon Håkon Odd fekk 66. Ein person hadde røysta blank. 

Frå før av er det kjent at varaordførar Frode Bøthun i Balestrand er valt til toppkandidat av nominasjonsnemnda i nye Sogndal Krf, medan varaordførar Trude Risnes i Leikanger vert toppkandidaten til Venstre.Arnstein Menes frå Balestrand er fyrstekandidaten til Senterpartiet.

Til toppen