LEVER FARLEG: Kvart år vert tusenvis av hjortevilt drepne i trafikken. I Indre Sogn vart flest drepne i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.
LEVER FARLEG: Kvart år vert tusenvis av hjortevilt drepne i trafikken. I Indre Sogn vart flest drepne i Lærdal. Foto: Jan Christian Jerving.

I Lærdal vert flest hjortevilt drepne i trafikken​

I alt 74 hjortevilt vart drepne utanom ordinær jakt i Indre Sogn i jaktsesongen 2015/2016.

Lærdal: Det er i Lærdal flesteparten av desse ender livet sitt. Nesten halvparten, 30 i talet, enda livet sitt her i fjor, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Medan det generelt for resten av landet var flest rådyr som blei påkøyrt, er det først og fremst hjorten som rotar seg ut i vegbana i Sogn.

Totalt blei 4.303 rådyr påkjørt og drepne i jaktåret 2015/2016, 112 av dei var togpåkøyrslar.

Som nummer to på listene over trafikkdrepne dyr finn vi elg, der 871 blei påkøyrde av motorkøyretøy og 484 av tog, totalt 1.355 dyr. Det er ein nedgang på 80 dyr samanlikna med jaktåret 2014/2015.

639 hjort blei påkøyrde og drepne i jaktåret 2015/2016, av dei 30 av tog. Også her ser vi nedgang, 140 færre dyr enn året før.

Tala viser at dei få villreinane som forviller seg i nærleiken av ein bilveg eller toglinje, lever ganske trygt. Berre éin rein blei påkøyrd av tog, ingen av bil, lastebil eller andre motorkøyretøy. (©NPK)

Til toppen