PÅ RETT VEG: Etter år med omstilling og investeringar, er Printfarm komen inn på rett spor i ein tøff bransje. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ RETT VEG: Etter år med omstilling og investeringar, er Printfarm komen inn på rett spor i ein tøff bransje. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

I løpet av 2017 siktar dei på å vere størst i fylket

Over 10 millionar kroner har Skrivargarden investert dei siste tre-fire åra. No er første mål å bli størst i fylket, deretter doble omsetnaden.

Årdal: Dei driv i ein bransje som tilsynelatande ikkje har ei lys framtid, men under namnet Printfarm har bedrifta i Årdal lykkast godt med omstillinga dei siste åra. I løpet av 2017 er målet å bli det største trykkeriet i Sogn og Fjordane.

– Det er ein solnedgangsindustri, der mange trykkeri driv på gamlemåten og diverre ryk. Dei har utstyr og personale som er tilpassa store opplag, som skal produserast på store maskiner som er kostnadsdrivande. Det heiv me ut for fire år sidan, seier dagleg leiar Roger Hollevik.

Då satsa dei heildigitalt og var blant dei første til å gjere nettopp det. Marknaden har endra seg, og Skrivargarden har klart å omstille seg.

– Me har slete nokre år med det, men no ser me at mange hermar etter oss, og det er jo litt gøy. Det er eigentleg heilt fantastisk at dei gjer det, held han fram.

Størst i fylket

Såleis reknar bedrifta med at dei er heilt leiande når det kjem til utvikling. No er dei opptekne av å syne fram at dei er komne over på eit nytt nivå. Bedrifta når snart 7 millionar kroner i omsetnad i rein trykking og har eit klart mål for året.

Artikkelen held fram under biletet.

SYNTE SEG FRAM: Printfarm har som mål å bli størst i fylket i løpet av 2017. No er dei opptekne av å syne det nye nivået fram til potensielle kundar i kommunen. Torsdag inviterte dei til pølsefest.
SYNTE SEG FRAM: Printfarm har som mål å bli størst i fylket i løpet av 2017. No er dei opptekne av å syne det nye nivået fram til potensielle kundar i kommunen. Torsdag inviterte dei til pølsefest.

– Natvik Prenteverk ligg på rundt 9 millionar, medan Husabø er ganske små på rein trykking, så i år passerer me nok Natvik. Det merkar me på innkjøpsavtalar at me blir større og større og får betre og betre vilkår. 

– Første mål er å bli størst i fylket i 2017 og dobla omsetnaden i 2021, seier Hollevik.

Investert for 10 millionar

Men omstilling kostar. Dei siste tre-fire åra har dei investert for over 10 millionar kroner, fortel han. Det er mykje pengar for ei relativt lita verksemd, men det måtte til for å skapa vekst.

– No har me ikkje vekstproblem. Me har kapasiteten, personell og innkjøpsavtalar. Alt er på stell, og no byrjar me å hauste.

Dette skjer etter nokre prosjekt med «famling», som Hollevik kallar det.

Artikkelen held fram under biletet.

ALLSIDIG: Skrivargarden har lykkast med å spisse satsinga si samstundes som dei er allsidige og kan ta mange typar jobbar. Øyvind Aga syner fram eit knippe av jobbane dei har gjort.
ALLSIDIG: Skrivargarden har lykkast med å spisse satsinga si samstundes som dei er allsidige og kan ta mange typar jobbar. Øyvind Aga syner fram eit knippe av jobbane dei har gjort.

– Me har tenkt på korleis me kan skape omsetnad og få løn til dei tilsette. Mykje har vore tull, ser me i ettertid – som å drive butikk i fotobransjen. Det var galskap. Me såg det litt seint, men stoppa i tide. Etter kvart skjønte me at det var lurt å reindyrke og drive godt med det ein driv med. 

Per no ligg dei på 1500 bedriftskundar med ein tilvekst på 2-300 i året. Framleis har dei litt å gå på, men i staden for å vere avhengig av at hjørnesteinsbedrifta bankar på døra og bestiller, har dei no skaffa seg store kundegrupper i og utanfor fylket. 

Til toppen