DOBBEL REFORM: Som forventa går det mot ein avtale om kommune- og regionreforma i kveld. Ifølge NRK har Venstra sikra fleirtal for tvangsamanslåing av ti kommunar, deriblant Leikanger og Balestrand, som må bu seg på samanslåing med Sogndal. Dette er enno ikkje stadfesta av offisielle kjelder. Foto: arkiv.

I løpet av kort tid får han truleg fasiten

Under ein pressekonferanse som startar klokka 0830 i regi av regjeringa og støttepartia blir det truleg stadfesta at Balestrand, Leikanger og Sogndal skal slåast saman med tvang. 

Balestrand/Leikanger/Sogndal: Seint tysdag kveld ville framleis ingen frå offisielt hald stadfesta at tvangssamanslåinga var eit faktum, men når det no på morgonkvisten onsdag er duka for pressekonferanse om status for kommunereforma er det mykje som tyder på at denne stadfestinga kjem

Som vi skreiv tidlegare tysdag låg det ei avgjerd i lufta frå dagens reformforhandlingar. Regjeringspartia Frp og Høgre har i vekesvis vore i samtalar med Venstre og Kristeleg Folkeparti om ein mogleg avtale.

Fleire media melde tysdag kveld at Venstre har sikra fleirtal for at tretten kommunar blir slegne saman mot deira eiga vilje, deriblant Balestrand og Leikanger.

– Først brukar vi kvelden på å vere skikkeleg gretne. Så går vi i gang neste morgon for å lage ei best mogleg løysing for innbyggjarane og næringslivet i det som blir den nye kommunen, sa ordførar Jon Håkon Odd til Porten.no tidlegare i dag, då vi melde at det gjekk mot ei avgjerd.

Les også: Kommunereforma: Kan kome avgjerd i kveld

Ordføraren seier han no avbryt ferien for å møte dei to andre ordførarane i Sogndal og Balestrand. Han har fått det stadfesta frå kollegaer i Leikanger Venstre at det blir tvangssamanslåing i Sogn.

OPPRØRT: Leikangerordførar Jon Håkon Odd liker ikkje at framtida til kommunen blir avgjort over forhandlingsbordet.
OPPRØRT: Leikangerordførar Jon Håkon Odd liker ikkje at framtida til kommunen blir avgjort over forhandlingsbordet.

Det ville derimot ikkje mannen som har leia forhandlingane på Stortinget, Helge André Njåstad i Frp. Til Porten.no sa han i dag tidleg at ei offentleggjering vil kome når alt er klart. Dei ulike partia var framleis i møte etter at nyhenda vart lekka midt på dagen. Klokka 22.15 skriv Njåstad i ei tekstmelding at han «ikkje kommenterer spekulasjonar».

Etter det NRK erfarer er òg dei fire samarbeidspartia i utgangspunktet einige om ti regionar, der Hordaland og Sogn og Fjordane blir til region Vestlandet.

Til toppen